Hopp til innhold

Kritiserer spektakulært formidlingssenter for oppdrett: – Smaklaust og hyklersk

Det unike, flytande bygget «Salmon Eye» skal «formidla fakta om havbruk». – Eit smaklaust reklamestunt i staden for å løysa dei enorme utfordringane i oppdrett, meiner Natur og Ungdom.

Inne på Salmon Eye

FANCY FORMIDLING: Ikkje Star Trek, men «Fish Tech» inne i det fire etasjars flytande senteret som utvendig er forma som eit sølvglinsande lakseauge.

Foto: Kvorning design & kommunikation

Det rundt 30 meter breie «lakseauget» utanfor Rosendal i Hardangerfjorden opna med stor festivitas på fredag.

Men Natur og Ungdom er kraftig provosert.

– Dei brukar mange millionar på eit reklamestunt i staden for å løysa dei enorme utfordringane næringa står ovanfor. Det er smaklaust, meiner sentralstyremedlem Elise Sørensen.

Eigaren Eide Fjordbruk seier senteret skal bidra til ein faktabasert, open og engasjert diskusjon om fiskeoppdrett, og at dei vil sjå på både utfordringar og positive sider ved oppdrettsnæringa, med eit mål om berekraftig havbruk.

Den utsegna er som ein raud klut for miljøvernarane.

Salmon Eye

«Lakseauget» til Eide Fjordbruk har fire etasjar innvendig.

Foto: Olav Røli / NRK

– Vrir på fakta

Sørensen hevdar det er typisk at oppdrettsnæringa tvert om vrir på fakta for å avvisa kritikk. Til dømes då villaksen i fjor hamna på raudlista over truga artar.

– Forskarane seier oppdrett er ein av dei største truslane mot villaksen. Interesseorganisasjonen Sjømat Norge prøvde då å seia at det er feil.

Forskarane seier at næringa brukar tala villeiande eller heilt feil. Det ser me ofte i oppdrettsnæringa.

Elise Sørensen

– Det høyrest ut som du trur «Salmon Eye» blir eit propagandasenter?

– Me har ikkje trua på dette reklamestuntet.

– Men er det ikkje tvilsamt å kritisera eit senter før de har sett korleis næringa blir presentert der?

– Me håpar å kunna besøka «Salmon Eye», men er skeptiske, rett og slett, seier Sørensen.

Elise Sørensen fra Natur og ungdom.

Elise Sørensen i Natur og Ungdom kallar «Salmon Eye» smaklaust og havbruksnæringa hyklersk.

Foto: June Grønnvoll Bjørnback / NRK

– Nyskaping krev fakta

Dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk meiner Natur og Ungdom «bommar stygt».

Målet vårt er å løysa utfordringane, både lakselus, sjukdom, ny teknologi i høve til CO2-bruk, å få ned dødelegheita og få meir robust fisk.

Sondre Eide, Eide Fjordbruk

Han seier innhaldet i senteret handlar om fotavtrykket til havbruksnæringa.

– Då meiner me både gode, lokale fotavtrykk som økonomi og arbeidsplassar, men også dei utfordrande fotavtrykka som slam og lakselus. Dei tinga me er nøydde til å forbetra. For å finna nye løysingar må ein ha fokus på utfordringane.

– Kritikarane meiner næringa vrir på fakta?

– Fakta er essensielt for å få til nyskaping. Me håpar dette senteret kan bidra. Ein kan ikkje løysa eit problem utan å definera det.

Han viser til at «Salmon Eye» har eit uavhengig fagpanel av rådgjevarar, med miljøforkjempar Kenneth Bruvik og representantar frå Havforskingsinstituttet, Mattilsynet, Statistisk sentralbyrå, havbruksnæringa og klimaforsking.

Sondre Eide (t.h.) og Helge André Njåstad

– Natur og Ungdom kritiserer eit senter dei vedgår at dei ikkje kjenner noko til, seier Sondre Eide.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK Hordaland

«Raud sone»

Hardangerfjorden, der Salmon Eye ligg, er definert som raud sone. Det betyr at næringa verken får veksa eller halda fram som før.

Tvert i mot: Problema med lakselus og rømt oppdrettsfisk er så store at styremaktene har pålagt oppdrettsselskapa her å redusera produksjonen sin med 6 prosent.

– Viss næringa verkeleg ønsker å løysa utfordringane i næringa, er det hyklersk at dei saksøkte staten for trafikklys-systemet for produksjonsområda, for å sno seg unna miljøkrava frå styremaktene og fortsetta å veksa, meiner Sørensen.

Villaks med lakselus

Villaks med lakselus.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Lukka anlegg

Natur og Ungdom meiner Eide Fjordbruk burde brukt pengane på betre ting enn visingssenteret «Salmon Eye».

– Med ei omsetjing på fleire hundre millionar kroner årleg, har Eide Fjordbruk råd til å betra miljøstandarden i dag og få fisken inn i lukka anlegg, seier Sørensen.

Eide seier det er nettopp det som er målet.

– Me bygger no ut ei satsing på lukka anlegg. Det trur me det vil gi veldig gode moglegheiter til å få meir berekraft i havbruket. Då kan du stenga mot lakselus og ta opp slam.

Havforskingsinstituttets prøvetråling etter villaks med lakselus ved Rosendal i Hardanger.

Frå Havforskingsinstituttets prøvetråling etter villaks med lakselus ved Rosendal i Hardanger i 2019.

Foto: Rune Nilsen