Naboane hadde fått nok av både støv, eksos og ikkje minst støy frå betongbedrifta som heldt det gåande natta lang. I tillegg likar dei dårleg det blåmalte fabrikktårnet som ikkje matchar terrenget. Dei samla underskrifter og klaga til kommunen. (Sjå Naboar rasar mot Stryn Betong)
Gjennomslag på alle punkt
Men eit døgn seinare var altså avtalen mellom kommunen og Stryn Betong klar. Der fekk klagarane gjennomslag for alle sine synspunkt. Neste gong fabrikktårnet skal målast, skal det få ein grønfarge som går meir i eitt med naturen.
Blandar på kveldstid
Årsaka til nattebråket var at fabrikken leverer betong til fjellsikring. Sikringa må skje på natta av tryggleiksomsyn. Men også her har Stryn Betong funne ei ordning. Dei blandar betong på kveldstid, og lar han stå i bilane til dei leverer om natta. Sjåførane tek med seg bilen heim, eller set han på ein plass som ikkje sjenerer folk.