Hopp til innhold

Nationen betalar fartsbot

Dersom dei to journalistane som råkøyrde etter samferdsleministeren får bot, vil avisa Nationen etter alt å døme betale denne.

Konstituert sjefsredaktør Håkon Barstad i Nationen seier at den etterkvart så mykje omtala råkøyringssaka er så spesiell at dei truleg vil betale ei eventuell fartsbot.

- Ikkje kritikkverdig

Det var 4. september at samferdsleminister Liv Signe Navarsete og stortingsrepresentant Erling Sande var på veg til opning av ein ny vegparsell i Lærdalsdalen. Bak rattet sat seniorrådgjevar i Samferdsledepartementet, Dag H. Nestegard. I følgje to journalistar frå Nationen, køyrde bilen i 110 kilometer i timen i 80-sona . Barstad ser ingen grunn til å kritisere dei to journalistane som følgde etter ministeren eller for at avisa laga sak på episoden.

- Samferdsleministeren har eit spesielt ansvar når det gjeld trafikktryggleiken. Det var også stor kontrast med det ho sa i ein tale den same dagen, der ho understreka viktigheita med å halde fartsgrensa, seier han.

- Stor kontrast mellom liv og lære

- Når bilen der ho var passasjer i, ikkje held fartsgrensa i det heile, så meiner vi kontrasten mellom liv og lære var så pass stor at vi måtte publisere det, held Barstad fram.

I dag vart det klart at politiet i Lærdal vil kalle inn både Navarsete og Sande til avhøyr . Fungerande lensmann, Per Klingenberg, seier avhøyret av Navarsete er ein del av bakgrunnsmaterialet for å finne ut kor fort bilen ho sat i køyrde.

Verken Navarsete eller Nestegard ønskjer å kommentere den nye utviklinga i saka overfor NRK.