Hopp til innhold

Nasjonalparkstatus kan stoppe vindkraftprosjekt: – Ein delsiger

Vindkraftmotstandarar gler seg over forslaget om nasjonalpark i Masfjordfjella. Dei meiner det vil kunne påverke fleire vindkraftprosjekt.

Einestrandsfjellet i Masfjorden

KAN BLI VERNA: Miljødirektoratet har foreslått at Masfjordfjella kan bli nasjonalpark.

Foto: Vigdis Holmaas / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det vil vere rart å lage ein nasjonalpark og så pepre området rundt med vindturbinar, seier Arnold Matre.

Han og Ståle Hauge er begge engasjerte i Folk for Fjella. Gruppa jobbar mot vindkraft, inkludert fleire moglege vindkraftprosjekt i fjellområde i Nordhordland, Gulen og Høyanger.

7. april la Miljødirektoratet fram forslag om at eitt av desse områda, Masfjordfjella, kan bli ny nasjonalpark. Folk for Fjella håpar nasjonalparkstatus for Masfjordfjella vil kunne påverke vindkraftprosjekt i nærliggande fjellområde.

– All logikk tilseier at det er ei buffersone. Ein kan ikkje ha kva som helst aktivitet på utsida, seier Matre.

– Det er ein delsiger, men samtidig er vi ikkje naive. Vi veit at det kan skje ting på oppløpssida, legg han til.

Masfjordfjella

FORSLAG: Ei skisse av området som er foreslått til nasjonalpark. Grensene kan bli justerte.

Foto: Miljødirektoratet

Bør sjå samanhengar

Litt lenger nord ligg landskapsvernområdet Stølsheimen. Får Masfjordfjella nasjonalparkstatus, bør Miljødirektoratet sjå på samanhengen mellom desse områda, meiner Folk for Fjella.

– Miljødirektoratet seier dei ønsker å skapa samanhengar i verneområda. Dei bør sjå på heile fjellterrenget som eit samanhengande verneområde frå fjord til fjell, seier Hauge.

Masfjordfjella ligg i kommunane Masfjorden og Alver. Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp) har tidlegare uttala at ho håpar nasjonalparkstatus vil kunne sette ein stoppar for vindkraftplanar i området.

Ståle Juvik Hauge (Ap) saman med Espen Vesteraas (t.h.), Mette Cathrine Nordås (t.v.)

VIL STOGGE VINDKRAFTPROSJEKT: Folk for Fjella, her ved Ståle Hauge, ønsker å stogge vindkraftprosjekt mellom anna i Nordhordland, Gulen og Høyanger.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vil måtte gjere utgreiingar

I kommunane Masfjorden og Modalen har Norsk Vind Energi AS arbeidd mot eit stort vindkraftprosjekt med 200–250 vindmøller og ein installert effekt på 1500 MW.

– Viss forslaga til Miljødirektoratet blir vedtekne, vil vi måtte greie ut kva grad av konflikt det representerer og kva det får å bety. Det må vi ta inn i våre vurderingar, seier dagleg leiar Per Ove Skorpen.

Per no er prosjektet på vent fram til eit nytt konsesjonssystem for vindkraft blir vedteke, fortel han.

I Gulen har selskapet Zephyr søkt om konsesjon til å bygge Dalsbotnfjellet Vindkraftverk. Zephyr ventar på endeleg avgjerd i Olje- og energidepartementet.

Prosjektleiar Johnny Hansen viser til at avstanden mellom den nordlege plangrensa til foreslått nasjonalpark i Masfjordfjella og den sørlege grensa til Zephyrs planlagde vindkraftområde i Gulen er om lag 20 kilometer i luftlinje.

– Det er dermed ingen direkte påverknad frå det planlagde vindkraftverket på den føreslåtte nasjonalparken, seier Hansen.

Han legg til at det alt i dag finst større infrastruktur-anlegg i nærleiken av Masfjordfjella, og viser til at det nord og aust for det føreslåtte nasjonalparkområdet går fleire større høgspentlinjer i fjella med tilknyting til ein transformatorstasjon på Haugsvær nord for Matre.

Johnny Hansen

– INGEN DIREKTE PÅVERKNAD: I Gulen har selskapet Zephyr søkt om konsesjon til å bygge Dalsbotnfjellet Vindkraftverk. – Det er ingen direkte påverknad frå det planlagde vindkraftverket på den føreslåtte nasjonalparken, seier Hansen.

Foto: Privat / Zephyr

Gjeld til grensa

– Vernereglane gjeld til grensa for verneområdet, forklarer fagdirektør Olav Nord-Varhaug i Miljødirektoratet.

Verneområde er verna etter naturmangfaldlova. Areal utanfor må forvaltast etter anna regelverk. Det blir derfor opp til kommunane å gjere skjønnsvurderingar dersom dei ønskjer å ta særlege omsyn til område utanfor eit verneområde, seier Nord-Varhaug.

– Dei kvalitetane ein ønskjer å verna blir teke med innanfor verneområdet. Det blir derfor ikkje laga eigne buffersoner. Det er likevel vårt ønske at kommunane forvaltar områda utanfor på ein måte som ikkje øydelegg for det som ligg innanfor grensene, seier han.

Forslaga frå Miljødirektoratet skal no behandlast i Klima- og miljødepartementet. Dersom forslaga blir vedtekne, vil det blir sett i gang ein omfattande prosess der statsforvaltarane skal greie ut områda vidare.

Masfjordfjella

MASFJORDFJELLA: Masfjordfjella kan bli nytt nasjonalparkområde.

Foto: Leif Rune Løland / NRK