Hopp til innhold

Nasjonale turistvegar fører til vekst i reiselivet

Reiselivsbedrifter langs nasjonale turistvegar går betre enn tilsvarande bedrifter andre stadar.

Utsikten Gaularfjellet

UTSIKT: Det nye utsiktspunktet på Gaularfjellet har ført til auka trafikk på turistvegen.

Foto: Jiri Havran

Det viser ein rapport utarbeidd av Menon Economics for Turistvegseksjonen i Statens vegvesen. Veier24 omtala saka først.

Rapporten fokuserer særleg på reiselivsbedriftene langs turistvegane Senja og Gaularfjellet. Konklusjonen er at bedriftene langs Nasjonal turistveg Senja har hatt langt høgare vekst enn alle sine referansegrupper.

Langs vegen på Gaularfjellet har bedriftene vakse meir enn tilsvarande bedrifter nasjonalt og på Vestlandet, men ikkje meir enn bedrifter elles i Sogn og Fjordane.

– Nesten som ein eksplosjon

Heidi Vallestad driv Flatheim Friluftsgard ved turistvegen på Gaularfjellet. Ho fortel at dei har merka auken turistvegen har ført med seg.

– Vi merka det spesielt godt då Utsikten på Gaularfjellet opna for tre år sidan. Det kjendest nesten som ein eksplosjon for oss, det kom veldig mykje folk. I åra etter har det auka jamt og trutt.

Ifølgje Vallestad passerte Flatheim 1000 gjestedøger i fjor.

– Året før hadde vi 700, så dette er ein tydeleg vekst. I tillegg har vi sommarkafe på tredje året, og her har det kome folk jamt og trutt. Dei fleste av desse er folk som køyrer forbi og stoppar. Dette kunne vi ikkje ha gjort for fem år sidan, seier ho.

– Verd å besøke

Vallestad trur at status som Nasjonal turistveg fører til auka merksemd for området.

– Eg trur fleire får opp auga for dei Nasjonale turistvegane, og skjønar at dei er verd å besøke. Eg trur det har vore slik for fleire langs Gaularfjellsvegen også. Til dømes dukka det opp fleire kafear langs vegen i fjor.

Trine Kanter Zerwekh frå Nasjonale turistvegar fortel at dei ønskte ein rapport for å finne ut kva effekt investeringa som vert gjorde langs turistvegane har.

– Rapporten er ganske tydeleg på at det er betydeleg auka verdiskaping, særleg for reiselivsbedriftene, langs desse strekningane. På Senja er det også auke i det andre næringslivet, til dømes detaljhandel.

Tungeneset Senja

SENJA: Utviklinga i reiselivet rundt turistvegen i Senja står i særklasse samanlikna med andre reiselivsbedrifter i Troms.

Foto: Hugo Fagermo / Statens Vegvesen

Dobla omsetninga

Ifølgje Zerwekh er verdiskapinga på Senja firedobla mellom 2010 og 2017. Auken på Gaularfjellet har vore langt mindre, men Zerwekh trur turistvegen har vore viktig også her.

– Senja er i særklasse, men eg synest også utviklinga på Gaularfjellet har vore god. Den ligg 50 prosent over snittet for landet, og 20 prosent for regionen. Den held også tritt med Sogn og Fjordane elles.

Zerwekh peikar på at reiselivet i Sogn og Fjordane har gjort det bra dei siste åra, og at vegen på Gaularfjellet opplevde nedgang i trafikken før Utsikten opna.

– Mange av aktørane seier at dei nesten dobla omsetninga det første året etter at vi opna Utsikten, og to bedrifter hadde til og med ei tredobling. For småskala-aktørar betyr dette ein god del.

Likholefossen Gaularfjellet

POPULÆRT: Likholefossen langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet

Foto: Bjørn Andresen / Statens Vegvesen