Send oss dine bilete av Kom deg ut-dagen!

Natur og frisk luft står i fokus når det blir arrangert Kom deg ut-dag over heile fylket. Send oss bilete av din dag!

Turboreven godt plassert

TURBO: Minna og Silje har gjort som mange andre - komme seg ut. Etter grilling er det tid for kos med Turboreven.

Foto: Jan Christian Jerving

Kom deg ut dagen

TROLL: Biletet er sendt frå ein sogning som bur på Storebø sør for Bergen.

Foto: Marion Årland

I dag starta markeringa av Friluftslivets veke 2015 i regi av 15 frivillige friluftslivsorganisasjonar. Veka starta med overnatting i naturen. Rundt i fylket er det fleire ulike arrangement med ulike aktivitetar i dag som er Friluftslivets dag.

Kom deg ut dagen

UTEDAG: Biletet er sendt frå ein sogning som bur på Storebø sør for Bergen.

Foto: Marion Årland

I Aurland har Vegard og Katrine overnatta for fyrste gong i telt, saman med 9 andre born. Du kan også dele dine opplevingar med oss i dag.

Bruk #nrksf når du legg bilete ditt ut på Instagram, og du er med i trekking av ein liten premie til ein av innsendarane. Nedst i saka kan du sjå Instagram-bileta.

Overnatta i telt

FØRSTE GONG: Vegard (6) og Katrine (8) har overnatta ute for alle første gong i telt.

Foto: Jan Christian Jerving
Kom deg ut-dag

UT PÅ TUR: Barnas Turlag i Lærdal har vore på overnattingstur, og sove i telt på Aurlandsfjellet.

Foto: Jan Christian Jerving
Kom deg ut dagen

TIL FJELLS: På tur til Kringla og Smørvi.

Foto: Ranveig Heltne
Laster innhold, vennligst vent..