Hopp til innhold

Narkovarselet i Bergen: – Ikkje grunnlag for å straffa politiet

Spesialeininga for politisaker konkluderer med at ingen i bergenspolitiet kan straffast for sine prioriteringar i alvorlege narkotikasaker.

Politihuset i Bergen

INTET STRAFFBART FORHOLD: Spesialeininga har lagt bort saka mot bergenspolitiet etter det omfattande «narkotikavarselet» som blei levert leiinga ved Bergen sentrum politistasjon i april 2016. Spesialeininga meiner det ikkje er bevist at politiet har gjort

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I november i fjor melde VG at ein erfaren polititenestemann i Vest politidistrikt hadde varsla om manglande etterforsking av grove narkotikasaker.

Politimannen hevda at polititenestemenn hadde fått klare instruksar om ikkje å gripa inn mot personar som var mistenkt for alvorleg narkotikakriminalitet, og at langarar og bakmenn fekk gå fri.

Måndag melder VG at Spesialeininga for politisaker har konkludert med at det ikkje er grunnlag for å straffa politiet etter vurderingane som blei gjort. Etter å ha etterforska saka i eit halvt år, har Spesialeininga lagt bort saka som «intet straffbart forhold anses bevist».

Spesialeininga har gjennomført intervju med 29 tilsette i bergenspolitiet sidan dei oppretta sak i fjor haust.

Sjefen for Spesialenheten for politisaker, Jan Egil Presthus

LEGG BORT SAKA: Leiar for Spesialeininga for politisaker, Jan Egil Presthus, seier eininga har kome fram til at Bergen sentrum politistasjon ikkje har gjort noko straffbart då dei prioriterte vekk fleire narkotikasaker.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Har nedprioritert narkotikasaker

NRK har lese gjennom det omfattande påtalevedtaket.

Spesialeininga konkluderer med at innsatsen mot narkotikabrotsverk ved Bergen sentrum politistasjon har vore nedprioritert, men finn det ikkje bevist at prioriteringane gjer at tilsette i distriktet kan stå til straffeansvar.

– Det står fram ganske klart for oss at stasjonen over tid har hatt store restansar som det har vore trong for å prioritera. For å lukkast med det har ein vore nøydd til å leggja føringar for å ikkje få for mange nye saker, seier Jan Egil Presthus, leiar for Spesialeininga, til NRK.

– Kan vera grunnlag for ein gjennomgang

Spesialeininga meiner ut frå dei eksempla som ligg føre at det ikkje kan konkluderast med at politiet har hatt ei klar handlingsplikt opp mot dei konkrete hendingane som er omtala i varselet.

Spesialeininga meiner saka likevel reiser fleire spørsmål som er eigna for gjennomgang.

Etter Spesialeininga si vurdering vil dette blant anna kunne gjelda intern kommunikasjon og rutinar ved avgjerder som gjeld avgrensing i arbeidet med straffesaker.

– Det er på det reine at det ligg ein klar nedprioritering i enkelte saker frå politidistriktet si side. Det i seg sjølv vil kunne vera grunnlag for å ein gjennomgang i ettertid, for å sjå om det fanst andre handlingsalternativ.

Birthe Eriksen

KRITISK: Advokat Birthe Eriksen representerer varslaren som melde frå om narkoprioriteringane.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Advokat: – Mykje spesielt ved handsaminga av denne saka

Varslingsekspert Birthe Eriksen er advokaten til narkovarslaren. Måndag føremiddag har ho ikkje sett seg inn i påtalevedtaket frå Spesialeininga.

– Eg har nett motteke vedtaket. Det står fram som omfattande, seier Eriksen til NRK.

Ho minner om at Politidirektoratet (POD) framleis ikkje har avslutta si handsaming av varselet. Dei skal mellom anna vurdera om det har vore brot på arbeidsmiljølova.

– Det Spesialeininga har konkludert med, er at det ikkje er grunnlag for straffeansvar på bakgrunn av dei strenge strafferettslege beviskrava som gjeld. Det store spørsmålet er jo om POD no vil legga saka bort, eller gjera ei sakshandsaming av varselet i samsvar med sivilrettslege reglar, seier Eriksen.

– Er de skuffa over at ingen blir straffa i saka?

– Eg må nesten få lesa gjennom vedtaket og snakka med min klient før eg uttalar meg nærare om det. Det har vore mykje spesielt ved handsaminga av denne saka, ikkje minst knytt til ulike aktørar sin habilitet. Vi er spente på kva POD no vil gjera, seier Eriksen.