
Billy Fredagsvik - NRK-arkiv
Leiar for LO Kjemisk Samarbeidsforening, Billy Fredagsvik i Høyanger, seier til Dagens Næringsliv at dei kjem til å undersøke både med Datatilsynet og Arbeidstilsynet om dette er lovleg.
- Syner det seg at slik testing er ulovleg, vil vi vurdere å gå til sak mot Hydro-leiinga, seier Fredagsvik til avisa.
Overtramp
Fredagsvik meiner slik testing bryt grensa for personvern, og at det er eit overtramp mot dei mange som aldri har gjort noko gale.