Det seier Anne Marie Rudning, næraste nabo til Djupesvora ved Fosnes. Elveleiet ved riksveg 15 gjennom Stryn er eit velkjend raspunkt.
Onsdag morgon slapp to personar med skrekken då eit ti meter breitt ras trefte bilen deira.
RAS: Slik såg det ut etter den dramatiske rasnatta for fem år sidan, då ein buss med 30 personar køyrde rett i eit jordras ved Hjelle.
Foto: Roger Vik / NRKI 2013 køyrde ein ekspressbuss rett i eit stort jordskred få hundre meter unna.
– Det er litt skremmande. Eg tenkjer litt på kor trygt det eigentleg er her vi bur. Men dei seier at det skal vere trygt, seier Rudning.
Hamna oppå raset
Djupesvora har roa seg noko etter seks ekstremt våte vestlandstimar. Så langt har dei største forsikringsselskapa fått melding om nær 200 skader. I tillegg utløyste dei store nedbørsmengdene flaum og fleire små og store ras.
- Les også: Verste regnskur i Bergen på 13 år
Ved Fosnes i Oppstryn vart varebilen med to personar løfta opp, og hamna på toppen av raset som kom ned Djupesvora. Raset stengde vegen i fleire timar.
- Les også: Vått, vått og våtare skal det bli
– Det har vore veldig mykje regn dei siste dagane, og eg har tenkt på det når eg har lagt meg om kveldane. Eg høyrer etter bulder og brak, seier Rudning.
Buss køyrde i ras
Det er ikkje første gong at det rasar i elveleiet. For fem år sidan køyrde ein
, nokre hundre meter unna. Eit nytt ras ved Djupesvora gjorde at .– Eg stod inne på trappa då det første raset gjekk. Det rista i heile huset. Det var like før eg sprang til naboen, men det er ikkje tryggare der enn her, seier Rudning.
Ordførar Sven Flo er ikkje overraska over at det i dag rasa på nytt.
- Les også:
VENTA: Ordførar Sven Flo (H) fekk organisert vaflar til frukost for dei innesperra busspassasjerane i 2013. At det igjen gjekk ras i Djupesvora, overraskar han ikkje.
Foto: Anders Mildestveit / NRK– Det er reparert mykje sidan sist, men når det kjem nye massar og demmer opp ved brua, så er det lite hjelp i å legge til rette. Då går alt over vegbana, seier Flo.
Vil gjere tiltak
Ordføraren seier kommunen er i dialog med NVE for å få kartlagt om det er råd å hindre nye ras ved store nedbørsmengder. Når det eventuelt blir ei løysing, er uvisst.
RASFARE: – Ha det i bakhovudet når du køyrer. Er det område du veit det kan ligge noko i vegbana, ta det med ro, seier geolog Jens Tveit og seier rasfaren ikkje er over.
Foto: SILJE GUDDAL / NRK– Dette er eitt av fleire punkt som kommunen har på lista. NVE har avgrensa ressursar, og prosessen har gått over lang tid. Vi ynskjer kartleggje problemet og sjå om vi saman med NVE kan gjere tiltak, seier Flo.
Etter seks stengde timar, opna geolog Jens Tveit vegen forbi Fosnes. Han ber alle tenkje over rasfaren på dagar med mykje nedbør.
Om den verste nedbøren er over for no, kan det framleis gå fleire ras.
– Det er mykje vatn i jorda og den responderer raskt på nye nedbørsperiodar, seier han.