Hopp til innhold

Namnet på Eid + Selje kan bli «Selja»

Namnet på den nye storkommunen Eid/Selje kan bli «Selja». Namnenemnda rår politikarane til å velje dette namnet.

Eli Førde Aarskog

TILRÅR: Leiar i namnenemnda, Eli Førde Aarskog.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Nemnda hadde møte tysdag ettermiddag.

– I dag har namnenemnda einast om at vi vil tilrå namnet «Selja» på den nye kommunen Eid-Selje, seier leiar i namnenemnda, varaordførar Eli Førde Aarskog (H), til NRK.

– Kva er bakgrunnen for det?

– Det er mange omsyn når ein skal ta for seg namn på ein kommune. Det er høgtideleg og det skal stå seg over tid. Vi valde «Selja» av omsyn til kva som er vanleg å bruke av namn, kva Språkrådet anbefaler, den historiske susen rundt namnet, at det er eineståande i Norge og at det er vakkert. Og det blir eit nytt namn på dei to kommunane, seier Førde Aarskog.

Tre alternativ

Alternativa nemnda hadde frå førre møte var «Stadt», «Eid» og «Selja».

Namnenemnda er eit rågjevande organ. Politikarane skal ta den endelege avgjerda. Først skal namnet behandlast i dei to formannskapa, deretter skal namnet endeleg vedtakast i eit felles kommunestyremøte 22. juni.

– Var framlegget samrøystes i namnenemnda?

– Ja, det var det. Eg tykkjer det er greitt at vi klarte å einast om eitt framlegg. Det tok ikkje lang tid før vi klarte det heller, seier Eli Førde Aarskog.