Hopp til innhold

Namnepris til frisør i Florø

Frisørbedrifta «Hair e'vi» i Florø har fått pris for landets beste firmanamn. Det er Gule sider som står bak kåringa der i alt 300 bedrifter var nominerte. Innehavar Trude H. Muri og dei fem andre tilsette tok i dag imot heideren frå kommunikasjonssjef i Gule sider, Renate Morken. Juryen rosar bedrifta for blant anna å bruke dialekt og humor i namnet, og at dei på ein elegant måte fortel kva dei leverer.

Frisør i Florø fekk pris for kreativt namn.
Foto: Gule sider