Hopp til innhold

Naken ordførar skal lokke folk tilbake til bygda

Ordføraren i Årdal stiller med rompa bar for å snu flyttestraumen.

Ordfører

FREISTAR: – Me får sjå om motivet freistar, seier ordførar Hilmar Høl (Ap). Biletet tar del i ein digital kampanje for å tiltrekkje nye innbyggarar til Årdal.

Foto: HANNE STEDJE / SOGN AVIS

– Målet var jo å vise dei omgjevnadane me har i Årdal. Så får me sjå om motivet freistar. Eg kunne sikkert ha sige litt djupare ned i vatnet.

Det seier ordførar Hilmar Høl (Ap) i Årdal.

Bilete av den nakne ordføraren som badar i Høljafossen blir no hengt opp som plakatar over heile bygda.

Dei blir òg nytta som del av ein digital kampanje for å tiltrekkje nye innbyggarar. Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

– Fossen er jo litt av ei perle her i Årdal. Skulle dette også trekkje meir turistar her er det berre ein bonus, seier Høl.

Biletet av den nakne ordføraren blir nytta til denne digitale kampanjen frå Årdal kommune.

KAMPANJE: Biletet av den nakne ordføraren blir nytta til denne digitale kampanjen frå Årdal kommune.

Foto: Årdal Kommune

Ønskjer å bøte på fråflytting

Leiar for innflyttarkontoret i Årdal Astrid Øvstetun jobbar med å auke folketalet i Årdal.

Ho håpar at nakenstuntet til ordføraren kan vere den siste dytten folk treng for å returnere til heimbygda.

– Det er jo ingen tvil om at bilete gir eit skikkeleg blikkfang. Me ønskjer å rette søkelys på humor, å vise at vi har det moro i Årdal og at livet her er kjekt.

Håpet er at den berre rumpa til ordføraren forhåpentlegvis vil spreie seg utover sosiale medium.

Allereie no skin plakatversjonar av motivet rundt omkring i bygda.

Responsen har vore utelukkande positiv.

– Foreløpig synest folk det er veldig artig, rett og slett.

Årdal

DYTT: Leiar for innflyttarkontoret i Årdal Astrid Øvstetun håpar kampanjen deira kan vere den siste dytten folk treng for å flytte til Årdal.

Foto: Hanne Stedje / Sogn Avis

– Betre å satse på ulike grupper

Direktør Marit Mellingen i Distriktssenteret fortel at dei ser mange kreative kampanjar frå norske kommunar knytt til omdømmebygging og tilflytting.

Dei jobbar for å utvikle vekstkraftige lokalsamfunn.

Likevel fortel ho at kommunar for ofte retter seg mot heimflyttarar, noko som viser seg å ha liten effekt.

Det er som oftast andre mekanismar som får unge vaksne til å flytte heim enn «glossy» reklamekampanjar.

Ifølge undersøkingane deira er eit meir effektivt tiltak å sikre arbeid, bustad og sosiale møteplassar også for andre grupper tilflyttarar.

Det kan til dømes vere arbeidsinnvandrarar eller folk med flyktningbakgrunn.

– Det er dessverre slik at mange legg mykje meir vekt på å hente tilbake utflyttarar, enn å få innvandrarar og tilflyttarar til å bli. Årdal gjer rett i å satse på fleire grupper av tilflyttarar.

Flyttestraum frå storbyar under korona

Ordføraren presiserer at dei også retter seg mot andre grupper enn berre utflyttarar.

Målet til kommunen er å «vinne veddemålet» mot SSB, der deira prognosar er at bygda vil miste 20 prosent av befolkninga innan 2050.

Ifølge SSB har flyttinga i Noreg det siste året vore litt annleis enn føregåande år.

I siste kvartal i 2020 opplevde Oslo rekordhøg utflytting. Også i Bergen, Trondheim og Stavanger har det vore auka utflytting, men der har også innflyttinga auka.

Ifølge SSB spekulerast det om flyttestraumen ut av storbyane er ein effekt av koronatiltaka.

Trass denne litt uvanlege flyttestraumen held trenden seg likevel nokolunde lik: Dei unge flytter til sentrale strøk, noko som bidreg til sterk aldring i distrikta.