Naken mann med kniv på Sandsli

Politiet sende fleire patruljar til Sandsli då det kom mange meldingar om ein naken mann med kniv som sprang rundt i området. Dei har no fått kontroll på mannen i Steinsvikvegen. Ingen er skadd, opplyser politiet til NRK. Helsepersonell tar seg av mannen, som er i slutten av 20-åra.