Eit heimkjøp vil kaste godt av seg, seier administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs.
Mange i Sogn og Fjordane tek no til orde for å få ei større permanent utstilling av Nikolai Astrup i Sogn og Fjordane, heimfylket til den kjende kunstnaren.
Føreset skikkelig galleri
Det er skipsreiar Jon Christian Brynildsen som eig den største samlinga med astrupkunst. Den unike samlinga omfattar, i tillegg til ei rekke tresnitt og teikningar, om lag 60 oljemåleri, som no er ute på norgesturné. Brynildsen avviser ikkje at astrupkunsten kan hamne i Sogn og Fjordane. Føresetnaden er eit skikkeleg lokale og kompetente fagfolk som kan ta seg av dei verdifulle måleria. Sogn og Fjordane kunstmuseum arbeider med planar om eit nytt, moderne galleri til 50 millionar kroner som kan stå klart i Førde allereie neste år.
Største enkeltkjøp av kunst
Eit eventuelt kjøp av samlinga til Brynildsen vil minst koste 100 millionar kroner, og vil bli norgeshistoriens største enkeltkjøp av kunst. Får å få dette til må fylkeskommune og stat tungt inn med pengar. Og no oppfordrar banksjef Arvid Andenæs òg næringslivet i Sogn og Fjordane til å bli med i eit spleiselag. - Vi må vere offensive og sjå på det som ei investering og ikkje eit utlegg, seier han.
Direktør for det børsnoterte fiskerikonsernet Domstein i Måløy, Rolf Domstein, seier til NRK at han tykkjer forslaget om spleiselag er spenstig og at han vil vurdere seriøst å bli med på eit heimkjøp av astrupkunsten dersom det kjem ein førespurnad. Det vil òg administrerande direktør i det rike kraftselskapet Sunnfjord energi, Per Storegjerde.