Hopp til innhold

Næringslivet i Solund usamd med politikarane

SPONEVIKA/SOLUND (NRK): Medan fleirtalet av politikarane i kommunen med færrast innbyggjarar i fylket framleis vil vere eigen kommune, meiner næringslivet noko anna.

Solund verft

VIL BLI STØRRE: Ved Solund Verft meiner fleire at ein større kommune sørover mot Bergen er vegen å gå. Dagleg leiar Svein Tore Eide (til høgre) og hovudtillitsvald Peder Hugøy er i alle fall samde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg trur det vil vere vanskeleg slik som dei politiske signala er no, at Solund kan bli ein eigen kommune i framtida, sjølv om vi er ein spesiell kommune med øystatus, seier Svein Tore Eide, dagleg leiar ved Solund Verft i Sponevika.

Usamde med politikarane

Over heile landet er kommunane i full gang med å vurdere si eiga framtid. Skal dei slå seg saman med andre? I så fall kven? Og kor store bør dei bli?

Solund kommune har under 800 innbyggjarar. Samstundes ønskjer regjeringa større og færre kommunar. Men politikarane er skeptiske.

Gunn Åmdal Mongstad

HELD PÅ SJØLVSTENDET: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg trur at vi er best tenkte med å vere eigen kommune i framtida også. Vi har vore gjennom fem ulike utgreiingar, vi har signert tre intensjonsavtalar og har jobba ganske grundig med dei ulike alternativa. Men eg har enno til gode å sjå noko som skulle tilseie at ei samanslåing vil vere bra for vårt samfunn, seier ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Men i næringslivet blir desse haldningane møtte med skepsis.

Svein Tore Eide har ingenting imot å halde fram med dagens kommunegrenser, men når andre blir større, meiner han det blir for tøft for den vesle kommunen å stå åleine.

– Dei som sit med makta i dag ser i alle fall ut til å leggje ganske klare føringar for å gjere det dei kan for å få ned talet kommunar, seier han.

– Bergen er vår by

Og blir det samanslåing bør kommunen sjå sørover, for ei samanslåing nordover vil vere bakvendt med tanke på kommunikasjon, meiner Eide.

– Viss vi skal sjå på alternativa etter mine omgrep, så må vi sjå på kva som ligg tradisjonelt og kva som ligg i høve til kommunikasjonar, varetransport ikkje minst. Og då må vi sjå sørover mot Bergen. Det er den vegen Sula alltid har vore retta mot. Bergen er vår by, ikkje Førde og Florø.

På spørsmål om identitet påpeikar han at det er umogleg å vite korleis fylkesgrensene vil sjå ut i framtida.

Peder Hugøy, hovudtillitsvald ved verftet, fryktar også at Solund kommune er for liten til å stå åleine. Han trur i alle fall ikkje at det vil vere lurt.

– Ikkje viss kommunane i land finn samarbeidspartnarar dei går i lag med. Då trur eg ikkje det har noko føre seg å stå åleine. Då blir vi ein liten drope i havet blant alle dei andre. Di fleire innbyggjarar det er, di større slagkraft har du.