Formannskapet i Voss har no avgjort traséen og finansieringsavtalen for ny og meir trafikksikker fylkesveg til alpin- og hytteanlegget Bavallen, skriv Hordaland.
Planen har vore omstridd fordi den skal byggast over innmarka til fire gardsbruk. Traséen er i tråd med reguleringsplanen frå 2013, men i strid med både nasjonale og lokale mål om jordvern.
Det er entreprenørselskapet Consto som har fått tildelt jobben med å bygge ny tørrdokk ved Westcon Yards i Florø, melder Firdaposten. Prislappen er på 160 millionar kroner, Westcon uttalt til avisa. Dokka skal vere klar i januar 2025 og vil gje auka kapasitet ved verftet.
«Dystert resultat» etter aksjon mot ulovlege fiskeredskapar
Fiskeridirektoratet har gjennomført ein ny fellesaksjon på Sør-Vestlandet saman med statens Naturoppsyn (SNO) og Kystvakten (KV). Resultatet kallar dei «dystert».
Kontrollen blei gjennomført på strekninga frå Stavanger til Austevoll. I løpet av fire dagar vart 125 redskapar beslaglagt, dei fleste teiner.
40 av dei er meldt inn til politiet, der 31 har kjent eigar og 9 har ukjent.
– Brot på regelverket til utforming av fluktopningar og rømmingshol er ein gjengangar. Mange har såkalla flapreluker som fluktopning. Dette er luker som er montert på teinene, der ein kan skifte mellom 6 cm og 8 cm opning. Desse skal vere fastlåst og sikra i lovleg posisjon, noko mange ikkje etterlever, seier inspektør Wenche Marie Johannesen i Fiskeridirektoratet.
Baderomsprodusenten Linn Bad i Vik permitterer tilsette for første gang på 30 år. To medarbeidarar er ute på ubestemt tid. Det skriv Sogn Avis. Eigar Linn Grønningen seier at renteauke, generell kostnadsauke og svak kronekurs er nokre av årsakene til at 2023 har vore krevjande til no. I tillegg til at byggjeaktiviteten har stoppa opp.
Firda, Firdaposten og Sogn Avis kuttar alle i talet på papirutgåver. Årsaka er at stadig færre les nyheiter på papir og heller brukar dei digitale utgåvene. Det har også blitt dyrare å få delt ut avisene. Dei tre redaktørane seier satsinga framover skjer digitalt, og dei håper folk vil halde fram med å abonnere på avisene.