Hopp til innhold

– Dette kjem til å bli gigantisk

Også nærings- og reiselivet jublar over at Bergen får sykkel-VM i 2017. – Ein utruleg sjanse til å vise spektakulære scener, meiner administrerande direktør Marit Warncke i Bergen Næringsråd.

Sykkel-NM i Bergen 2012
Foto: Kjetil Rydland / NRK

Sykkel-VM

JUBEL: Byrådsleiaren og ordføraren var mellom dei som jubla hemningslaust då Bergen i dag vart tildelt sykkel-VM i 2017.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det var stor stemning då det i dag vart klart at Bergen og Norge skal arrangere verdas tredje største idrettsarrangement, verdsmeisterskapen i sykkel i 2017. Warncke seier ho fekk gåsehud over heile kroppen.

– Det stod heilt stille for meg eit augeblink. Idet dei sa Bergen, spratt tårene. Det var heilt fantastisk.

– Gigantisk

Marit Warncke

Marit Warncke i Bergen næringsråd

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ho seier dei i næringsrådet har snakka mykje om kva arrangementet vil bety for Bergen og Vestlandet. København i Danmark arrangerte sykkel-VM i 2011, og kan syne til store tal.

– Det er eit av dei største idrettsarrangementa i verda i forhold til tv-sendingar og filmopptak. Det er ein utruleg sjanse til å vise spektakulære scener heilt frå Øygarden og inn til Bergen sentrum, seier Warncke.

– Kva skal næringslivet gjera for å utnytte dette?

– Eg håpar næringslivet vil støtte opp under dette og sjå sin besøkingstid til å vere med på laget. Det er klart at dette må også brukast til å selje Vestlandet som turistattraksjon.

– For hotella er det berre å førebu seg, for dette kjem til å bli gigantisk.

Veit ikkje effektane enno

Anita Nybø i Bergen reiselivslag

Anita Nybø i Bergen reiselivslag

Foto: Jon Bolstad / NRK

Arrangementsansvarleg Anita Nybø i Bergen reiselivslag seier det er ellevilt at Bergen no får arrangera sykkel-VM om tre år.

– Dette er ein så stor nyheit for næringslivet og turisme på Vestlandet som vi aldri har sett før, og kanskje aldri får sjå igjen.

Både Nybø og Warncke seier det er vanskeleg å seie no kva effektar arrangementet vil gi for regionen.

– Det er mange diskusjonar rundt dette, nokre meiner det vil gi gigantiske tal i reklameverdi, medan andre seier det er overdrive. Det som er viktig er at alle gjestane får ein heilt unik oppleving, seier Warncke.

-Arbeidet byrjar i dag. Næringa må byrje å sjå på korleis vi kan bruke dette i marknadsføring allereie no, avsluttar Nybø.