Hopp til innhold

Nærbutikk fekk pengar til straumrekninga

Før helga skreiv lokalavisa Vestavind at nærbutikken i Auklandshamn i Sveio kanskje måtte stengja, sidan straumrekninga for desember hadde vore på 33.000 kroner. Men dette var det mange, både i Sveio og andre stader, som ikkje ville vera med på. Ved hjelp av tenesta Spleis er det no samla inn nesten 26.500 kroner til butikken, skriv avisa. Innehavar Åse Marie Økland fortel at ho er på gråten over pengane som er samla inn.