Hopp til innhold

Naboar: – Ho laga mykje liv i bygda

Naboar er i sjokk etter at ei 58 år gammal kvinne blei drepen på Evanger i kveld. – Ho var ein kunstnar, og ein veldig fargerik og karismatisk person.

Huset til kvinne funnet drept på Evanger

TRAUMATISK: Politiet fekk melding om drapet like etter klokka 16.00 torsdag. No er på folk på Evanger i sjokk etter å ha mista ei av eldsjelene i den vesle bygda.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Den drepne kvinna (58) dreiv ein kunstkafe i den vesle bygda Evanger med vel 400 innbyggarar i Hordaland.

To venninner som bur i nærleiken, kjente kvinna, og besøkte kafeen hennar jamleg.

– Me er heilt i sjokk. Ho var ein kunstnar, og ein veldig fargerik og karismatisk person. Ho kom her for seks-sju år sidan, kjøpte dette huset, og laga liv i bygda gjennom kafeen. Den er eit samlingspunkt i bygda, seier dei, og kan ikkje skjønna at ho hadde nokon fiendar.

Alle dei pårørande er no varsla, ifølge politiet.

Drap på Evanger

Krimteknikarar var på staden torsdag kveld for å gjera tekniske undersøkingar. – Dei kjem til å halda på utover natta, fortel lensmann på Voss Ivar Hellene.

Foto: MAY-HELEN ROLFSNES / NRK

– Likte seg godt her

Nabo Ronny Hveding fann kvinna drepen inne i huset hennar torsdag kveld.

– Me snudde i døra, gjekk ut igjen, og ringde politiet. Eg er helt i sjokk, seier han.

Han fortel at han opplevde at kvinna treivst godt på Evanger.

– Ho var ein veldig kunstnartype. Ho kom fordi ho likte huset veldig godt, og hadde lyst til å starta kafé. Ho pleidde av og til ha folk på besøk, som budde der og hjelpte ho på kafeen.

Alle kjenner aller

Kyrkja på Evanger er open i kveld, og folk kan komma for å tenna lys eller snakka med prest og psykolog.

– Det er eit sjokk for bygda. Ho har budd her ein del år. Det er eit småsamfunn der alle kjenner alle. I eit lite samfunn er dette veldig traumatisk, seier sokneprest på Voss og Evanger, Ivar Molde

Han håper kyrkja kan bli eit naturleg samlingspunkt.

– Me har opna kyrkja for at den kan vera eit tilbod for dei som har behov for å komma saman med kvarandre.

Voss kommune har oppretta eit kriseteam, og nokon av dei er på veg til Evanger for å førebu korleis ein skal informera om drapet i barnehage og skule i morgon.