Hopp til innhold

Naboar til Bergen innfører nye råd

Nabokommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden innfører frå og med torsdag fleire av dei same smitteverntiltaka som Bergen. Mange jobbar og pendlar til byen, og er difor særleg utsette.

► Ikkje lov med fleire enn fem gjester heime.

► Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitjeplass. 200 pesonar for arrangement med faste sitjeplassar.

► Ikkje innslepp av gjester eller sal av brennevin etter kl 24.

► Lyden på utestadene skal ikkje overstiga eit nivå som hindrar samtalar med éin meters avstand.

► Flest mogleg som er avhengig av kollektivreiser skal ha heimekontor.

► Munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen der ein ikkje kan halda ein meters avstand.

Tiltaka gjeld frå 29. oktober til 26. november.