Hopp til innhold

Naboar stod med hageslangar i flammehav – frykta storbrann som i Lærdal

UNDREDAL (NRK): Lite vind, rask varsling og handlekraftiga naboar forhindra ein storbrann i den unike trehusbusetnaden i Aurland natt til fredag. – Vi var fire som rullerte på å spyle, seier nabo.

Brann Undredal

SLØKKING: Fleire frivillige var med for å sløkke brannen.

Foto: Leif Inge Underdal

Henning Øy var i natt ein av heltane som hindra brannen i å spreie seg då eit naust stod i full fyr i bygda der trehusa står tett i tett. Innbyggjarane heldt flammane i sjakk med hageslangar til brannvesenet kom.

– Det var intens varme og vi var fire som rullerte på å spyle. Vi prøvde å kjøle ned så mykje som mogleg, fortel han.

Politiet blei varsla ved 03.30-tida natt til fredag om brann i eit naust. Brannen spreidde seg vidare til ei løe og fleire trebåtar som låg på land. Den gamle kyrkjebåten på Nærøyfjorden låg i naustet.

Før brannvesenet nådde fram, heldt altså bygdefolket i Undredal brannen i sjakk.

– Det gjekk jo bra. Hadde vi hatt vind som førre helg, hadde mesteparten av bygda gått, seier Øy.

Henning Øy

VAR MED PÅ SLØKKINGA: Nabo Henning Øy var ein av dei som hjelpte til då det brann.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Frykta storbrann som i Lærdal

Det var fare for at trehusa like ved skulle ta fyr. Stavkyrkja i Undredal er truleg bygd rundt 1150. Derfor er tanken på ein storbrann her eit mareritt for redningsmannskapa.

I januar 2014 byrja det å brenne i Lærdal. Omlag 40 hus gjekk tapt, nokre av dei verneverdige.

Men der vinden herja i Lærdal, var det nesten stille i Undredal. Det berga truleg bygda frå ein liknande katastrofe, seier brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland kommune.

– Det har vore veldig nære på og hadde det vore meir vind så kunne det blitt same scenario som i Lærdal.

brannen i Lærdal

LÆRDAL I 2014: Slik såg det ut då store deler av bygda Lærdal braut ut i brann i januar 2014. Kraftig vind eskalerte brannen. I Undredal natt til fredag var det vindstille. Det kan ha redda bygda, meiner brannsjefen.

Foto: Odd Helge Brugrand

Har brannvarslingssystem

Han seier også at den tidlege varslinga og det at lokalbefolkninga kom tidleg til, var avgjerande for at det ikkje gjekk verre.

– Dei gjorde ein stor innsats til brannvesenet kom og fekk pumpa vatn frå elva.

Også mannskap frå Lærdal og Voss blei kalla ut, men dei blei stoppa då brannvesenet i Aurland fekk kontroll på brannen.

Mange av bygningane i bygda har eit automatisk brannvarslingssystem, som gjer at brannvakter i bygda raskt kan rykka ut og sjekka kva det er. Det er eit frivillig ansvar, men Henning Øy er klar på kor viktig det er for bygda.

– Det er alfa og omega. Vi har hatt massevis av utrykkingar, men heldigvis at det har falske alarmar tidlegare. Denne brannen viser at varslinga er verdt kvar krone.

Trude Høiby, Håkon og Tormod Underdal

PUSSAR OPP: Trude Høiby, Håkon og Tormod Underdal held på å pusse opp eit hus like ved der det brann.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Glade for at huset blei berga

Ein som prisar seg lykkeleg over at det ikkje gjekk verre i natt, er Tormod Underdal. Han og familien pussar opp eit hus berre ti meter frå der det brann.

– Det er innflyttingsklart om ein månad. Vi er glade det står, for det er berre 10 meter frå der løa brann.

Ingen var i huset, men han fortel at det bur folk i eit hus berre 30 meter ifrå. Han fortel at han tenkte på Lærdalsbrannen og hadde ein klump i halsen då han såg at det brann. At dei har eit brannvarslingsanlegget betyr mykje for bygda. seier han.

– Det er frivillige som stiller opp, og det har dei gjort i ti år. Dei gjer ein god jobb.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til at det byrja å brenne.

Undredal

TETT I TETT: Trehusa ligg nær kvarandre i den vesle fjordbygda Undredal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Brannen i Undredal