Hopp til innhold

Her får naboar nei til å legge ned stein – på andre sidan av elva kjem ein ny bydel

Medan det blir sprengt og bygd ut for millionar i den nye bydelen i Førde, får naboane eit steinkast unna nei til å redde plenen sin.

Stein Dalheim i Korsavegen 7 i Førde.

FORTVILA: Stein Dalheim og dei andre som bur ved våtmarksområde Løken er bekymra over det som skjer på andre sidan av elva.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi små menn blir trykt ned, og så ser vi kva som går føre seg på den andre sida. Det er ganske fortvilande.

Det seier Stein Dalheim i Førde i Sunnfjord.

Då han og naboane ville legge ned stein langs elva for å redde plenen som søkk, trudde dei prosjektet kom til å gå gjennom.

For eit steinkast unna heimane sine ved Løken, ser dei rett bort på alle prosjekta som har fått tommel opp dei siste åra. Her tek nemleg ein ny bydel form, og gravemaskiner jobbar for fullt. Ei bru er allereie på plass over elva, og ein ny vidaregåande skule og eit nytt bustadområde tek form.

Men nabolaget får ikkje lov å legge ned steinen som hindrar erosjon. Det forstår dei lite av.

– Det er litt trist. Folk i området er oppgitt, seier Dalheim.

Total over Indre Øyrane

NY BYDEL: Den nye vidaregåande skulen i Førde får snart eit heil bustadkvartal på grønområde ned mot elva Løken.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Firda omtalte saka først.

Fekk først ja

Nabolaget fekk først ja frå kommunen våren 2021. Så lenge dei ikkje gjorde inngrep i friområdet, trong dei ikkje søke om prosjektet, fortel grunneigaren.

Sameiget fekk dermed eit firma til å starte gravearbeidet ved elvebreidda.

– Så sa det stopp, seier Dalheim.

Bygginga var nemleg ulovleg, meinte kommunen og viste til at steinane kom inn på friområdet.

Steinrøysa ved Løken

HAGEN: Slik ser det ut etter at grunneigarane fekk nei til å fortsette arbeidet ved elvebreidda.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Vi oppdaga at det gjekk føre seg eit arbeid som vi ikkje kunne sjå at det var søkt om, derfor stansa vi det, seier Odd Harry Strømsli, einingsleiar for areal og byggesak i Sunnfjord kommune.

Det var Kurt Opseth som sende inn søknaden på vegner av nabolaget.

– Det var eg som gjorde ein feil i søknaden, seier han, og legg til at han forstår kommunen si avgjerd.

– Kasteball i systemet

Saka blei deretter behandla på ny i kommunen. Då fekk naboane ja. Men seinare har den fått nei hos Statsforvaltaren i Vestland. Nye rundar med klager har ført saka til Statsforvaltaren i Rogaland. Her seier avdelingsleiar Monica Nessa at steinlegginga er i strid med reguleringsplanen.

Men saka er ikkje er godt nok opplyst, seier ho. Det gjer til at dei ikkje kan vurdere om naboane skal få dispensasjon.

– Slik det er no ser det ut til at vi har blitt ein kasteball i byråkratiet, seier grunneigar Dalen i Førde.

Nabo Kurt Opseth er samd. Han meiner Statsforvaltaren er for lite smidige, i motsetnad til lokalpolitikarane, som han føler prøver å finne ei løysing. Han peiker også på at Statsforvaltaren slår fast at det ikkje er erosjonsproblem ved tomtene- noko Opseth seier er feil.

– Merkeleg

Opseth synest det er eit paradoks at dei slit med å få gjennom sitt prosjekt, medan det på andre sidan av elva går føre seg større utbyggingar.

– Det er merkeleg. Her blir det greve i Løken, medan vi har prøvd å vere varsame i vårt prosjekt for å ikkje gjere noko gale.

Odd Harry Strømsli i Sunnfjord kommune seier arbeidet i Løken skjer etter lovlege planar som det er gitt løyve til.

– Instansane har fått vite om tiltaka og det er akseptert. Det på andre sidan av elva er eit ulovleg tiltak, såleis blir det ramma ulikt, seier einingsleiaren om nabolaget sitt prosjekt.

Kva som skjer med saka vidare er enno ikkje avgjort.

Bru over Løken i Førde.

BETONG: I andre enden av Løken er det lagt betong og bru i elvebreidda.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

No er nemleg saka tilbake hos naboane ved Løken. Dei må velje om dei skal gjere ei ny utgreiing før saka kjem opp igjen til formannskapet.

I steinrøysa står naboane usikre på kva som skjer vidare.

– Det er eit slikt svar ein ikkje blir klok på sjølv. Eg veit ikkje kva vi ender opp med, seier Stein Dalheim.

Steinmuren ved Løken i Førde

8: Steinlegginga skulle bli 20 meter, men blei ikkje lenger enn åtte meter. No er det usikkert om den må fjernast eller om den skal ligge.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK