Naboar evakuert pga ammunisjon

Det skal ikkje vera folk i huset som brenn på Ørnetua i Lindås. Naboar i det nye bustadfeltet er evakuert fordi det er lagra jaktammunisjon i huset, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen. Huset er overtent og sløkkinga er i gang. På grunn av vassmangel er det kalla inn ekstra tankbilar.