Hopp til innhold

Mysterium i Hardanger – over 200 lam og sauar er sporlaust forsvunne

ULLENSVANG (NRK): Ingen veit kor dyra har tatt vegen. Bønder fryktar at jerv har teke lam og sauar på sommarbeite.

Vidar Reisæter mater sauene.

JERV: Bonde Vidar Reisæter anslår at han mista 30–35 lam og 10 sauar under fjorårets sommarbeite. Han mistenker at jerv har teke dyra hans.

Foto: Tale Hauso / NRK

Bønder frå Reidsete i Ullensvang til Jøsendal i Odda klør seg i hovudet. I fjellet langs austsida av Folgefonnhalvøya er over 200 lam og sauar sporlaust forsvunne.

Førebels veit ein ikkje kva som har skjedd med dyra, men bøndene trur ein jerv er syndebukken.

– Vanlegvis finn ein i alle fall spor etter dyra, men i dette høve har me ikkje funne nokon ting. Det er mystisk, seier bonde Vidar Reisæter.

Han legg til:

– Me trur det må vere eit rovdyr som står bak, og då må me rekna med at det er jerv.

200 lam og sau er sporlaust forsvunne

Bonde: – Rekordtap

Bonden har sjølv mista 30–35 lam og ti sau. Berre på Reidsete manglar bøndene over 100 sauar og lam.

Jerv

SYNDEBUKK? Ifølgje Statens naturoppsyn har ein jerv blitt observert i fjellet lands austsida av Folgefonnhalvøya. Førebels er det ingen spor etter dei forsvunne dyra.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er mykje meir enn normalt og svært uvanleg. Eg har drive i 40 år, og dette er eit rekordtap.

Han seier at jerv ikkje har vore observert i området sidan tidleg på 2000-talet. I haust fekk Statens naturoppsyn melding om dei registrerte tapa.

– Me har fått inn ei melding frå ein som har observert ein jerv i område. Om det er ein jerv der no, veit me ikkje, men me kan håpa at me finn det ut no når det er sporsnø, seier rovviltkoordinator Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Lisensjakt på jerv

Får rovviltkoordinatoren dokumentert at det er jerv i området, kan det vera aktuelt med avliving. Fram til 15. februar er det lisensjakt på jerv i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det er låg terskel for tiltak mot rovvilt i forvaltningsregion 1, men dei som har ansvar for forvaltninga, bestemmer, seier Golf.

Det er Miljødirektoratet som bestemmer om det blir ekstraordinært uttak.

Bøndene tar no saka i eigne hender og skal prøva å finna ut om det er jerven som har vore på ferde. Og utan handfaste bevis blir det heller ikkje erstatning for bøndene.

– Me skal legge ut åta eit par plassar og filme med viltkamera. Og me oppfordrar alle om å ta kontakt om dei har sett noko, seier Reisæter.