Hopp til innhold

Mykje talent i Sogn og Fjordane

– Det er så kjekt å sjå på dei som står på scena, dei er utruleg dyktige!

Konferansierane

SELFIE: Konferansierane Solveig Djupegot og Inga Sagmo tok ein selfie med publikum under ei av framsyningane.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Inga Sagmo (15) frå Svelgen og Solveig Djupegot (17) frå Sandane er to av fem konferansierar under helgas UKM-festival i Høyanger. Dei er samde om at Sogn og Fjordane er eit fylke fullt av talent.

– Dei som har opptredd er så utruleg dyktige! Eg vil oppfordre alle som ikkje har delteke om å melde seg på. Det er så kjekt. Eg pratar av eiga erfaring, men eg har òg høyrt mykje positivt frå andre, seier Solveig Djupegot.

Inga Sagmo og Solveig Djupgot

ETTER FRAMSYNINGA: Inga Sagmo og Solveig Djupegot synest det har gått veldig bra med alt som har føregått i løpet av helga.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Det er ikkje berre deltakarane på festivalen som er unge og talentfulle. Arrangementet blir leidd av dyktige ungdommar som har lagt ned ein stor innsats.

Konferansierar

«HAR DE DET BRA?»: Solveig Djupegot og Inga Sagmo sørgjer for god stemning i salen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Heilt i starten av framsyninga var det nokså nervepirrande, men etter kvart går det bra. Publikum er veldig snille, så det er kjekt, seier Inga Sagmo.

Jentene har hatt nokre travel dagar, og dei har brukt mykje tid på å førebu seg.

– Vi har delteke på lokalmønstringane. Så har vi hatt oppvarming, og vi har vore saman vi fem som er konferansierar. Vi har vore samla med den fantastiske mentoren vår, Ole Kristian, der vi har gått gjennom alt og snakka i lag, seier Djupegot.

Sagmo fortel at det er meir jobb enn ein skulle tenkt seg å leie eit slik stort arrangement.

– I dag møtte vi klokka åtte, da fordelte vi kven vi skal introdusere. Vi må ringe og prate med alle saman. Vi gjer ting heile tida.

– I går sprang vi rundt frå ni på morgonen til ti på kvelden. Då var det rett i seng! Vi rekk ikkje å vera med på så mange av dei andre tinga, seier Djupegot.

I Ronny sine fotspor

Dei to jentene var konferansierar for den tredje av i alt fire framsyningar. Dei fortel at så langt har alt gått veldig bra, og at det er ei stor oppleving å vera på scena. Solveig Djupegot har sjølv vore med som deltakar på UKM fleire gongar, både med dans og song.

Ronny Brede Aase er konferansier under UKM 2012

KONFERANSIER: Ronny Brede Aase var konferansier under UKM Sogn og Fjordane i 2012.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Mitt store førebilde er Ronny Brede Aase, han var konferansier det fyrste året eg var med på fylkesfestival. Det er ekstremt stort at det er eg som står på scena denne gongen. Eg drøymer om å gå i hans fotspor.

Inga Sagmo har òg delteke på UKM for lenge sidan.

– Eg song i lag med ei venninne, men vi var så små at vi ikkje kunne gå vidare.

Resten av dagen skal dei to jentene sjå det dei rekk av den siste framsyninga før dei tek turen heim att. Dei har iallfall ein klar beskjed om kva ungdommen i fylket skal gjera til neste år:

– Meld dykk på!

Jackbow

JACKBOW: Den fem gutane i Jackbow vart stødig introdusert av Inga Sagmo og Solveig Djupegot da dei skulle på scena. Jackbow framføre Gravity, ein song dei har skrive sjølve.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim