Det har lagt seg vassdammar i skiløypene på Langeland i Sunnfjord. For få dagar sidan var det god glid i løypene, men no regnar skiføret vekk.
Meteorolog Julie Solsvik Vågane lovar litt betring – før det våte vêret kjem tilbake i vest.
Torsdagen blir nemleg eit lyspunkt for vestlendingane.
– Det ser ut til å bli gode periodar med sol for store delar av Vestlandet, seier meteorologen.
I Nordfjord og nordover blir det likevel sludd og snøbyer, fortel Vågane.
Nærare helga kjem nytt lågtrykk med mildare luft på Vestlandet. Då blir det nye rundar med regn, særleg laurdag og søndag blir det lågtrykk og vått vêr i vest.
LYSPUNKT: Vestlendingane kan gle seg til sol torsdag, før regnet kjem tilbake.
Foto: MetorologeneHar kome mykje snø
I andre delar av landet ligg det framleis mykje snø.
– Det har kome mykje snø på Sørlandet, Telemark og delar av Buskerud. Der ligg det godt over det som er normalt for årstida, fortel meteorolog Eldbjørg Moxnes.
Mykje søraust- og austavind har gitt mykje kvit nedbør i desse områda, men no blir det stopp ei stund.
– Det blir nokre tørre dagar for dei områda framover, seier Moxnes.
– Folk kan få tid til å moke unna snøen denne helga her.
På Twitter skriv Meteorologisk institutt at austlendingane kan la paraplyen kvile til søndag og nyte opphaldsvêret store delar av helga.
Moxnes fortel at det per no er torsdag som blir den finaste dagen.
– Fredag blir det opphaldsvêr og litt kaldare luft, så litt mildare luft laurdag og søndag. Men det ser ut som det blir stort sett opphald med moglegheit for litt snø søndag.
Fleire snø- og sørpeskred
I nord blir det ifølgje meteorologane «litt av kvart» på vêrfronten i helga. Med varierande vêr kan det bli glatt på vegane, åtvarar Meteorologisk institutt.
Moxnes fortel at det blir litt rolegare vêr og forbigåande kaldare vêr torsdag. Då blir det også nokre snøbyer.
Fredag kjem eit nytt lågtrykk med mildare luft, høgare snøgrense og nedbør stort sett som regn i låglandet. Høgare til fjells kjem nedbøren som snø.
I Nordland har det gått fleire snø- og sørpeskred onsdag.
I Sogndalsdalen på Vestlandet vart Helge Torstad vitne til eit sørpeskred onsdag morgon. Skredet stogga berre ti meter frå riksvegen, anslår han.
Sogn Avis omtala skredet først.
– Heldigvis gjekk det bra denne gongen òg, seier Torstad til NRK.
Eit sørpeskred var nær ved å nå riksveg 5 mellom Sogndal og Skei. Ein bil køyrde på vegen då skredet kom.
Mykje nedbør i Midt-Noreg
I Midt-Noreg må folk bu seg på ein god del nedbør dei neste dagane. Torsdag er det venta snøbyer, mens det fredag blir mildare vêr.
– Då blir det gjerne regn, men med snø i høgda i Møre og Romsdal og Trøndelag. Det kan bli ein del vind, særleg langs kysten, seier Moxnes.
Laurdag er det varsla byevêr med regnbyer langs kysten, men ein skal ikkje langt inn landet for å få nedbøren som sludd – og snøbyer.
– Det ser ut til å bli det same søndag, fortel meteorologen.