Hopp til innhold

Mykje rømd regnbogeaure i fylket

Dei fleste rømmingar av oppdrettsfisk blir aldri rapporterte, hevdar Fiskeridirektoratet.

Regnbueørret

Illustrasjonsfoto

Foto: Nævra, Arne / Nævra, Arne

Regnbogeaure i fire fjordar

Direktoratet har fått melding om at det kokar av rømd oppdrettsfisk i fire fjordar i Sogn og Fjordane. Men bortsett frå ei rømming i Gulen i slutten av juni er det ikkje rapportert om rømd regnbogeaure.

- Eg tykkjer det er veldig beklageleg at me ikkje har kome lengre på dette området. Men samstundes har me så liten kontrollinstans at enkelte meiner det lønar seg å ikkje melda frå.

Oppdrettsnæringa omset årleg for fleire titals milliardar kroner, og har fått streng beskjed frå styresmaktene om å rydde opp i rømningsproblema. Rømd oppdrettsfisk blir sett på som eitt av dei det største trugsmålet mot villaksen.

Overraska og frustrert

I Vestnorsk Havbrukslag likar ikkje regionsjef Hans Inge Algerøy skuldingane om at dei prøver å unndra seg ansvar.

- Eg vert veldig overraska og frustrert når me høyrer at regiondirektøren i Fiskeridirektoratet har ein slik mistillit til oppdrettarane. Me har ingen grunn til å tru at oppdrettarane ikkje melder frå om rømmingar, Her er det eit klart regelverk

men i Fiskeridirektoratet seier Haddal at dersom næringa ikkje skjerpar seg kan det fort blir bøter millionklassen.

- Ingen skal tena på å unndra seg straff.