Hopp til innhold

Mykje regn og fare for jordskred

Det er varsla mykje regn på Vestlandet sør for Stad frå i natt, og det er sendt ut gult farevarsel. Lokalt er det venta 50–70 mm i løpet av 12 timar. Dei store nedbørsmengdene fører til fare for jordskred i Vestland fylke og deler av Rogaland.