Hopp til innhold

Forsmak på musikkhelg i Sunnfjord

I dag prøvde over femti musikarar og dansarar å få liv i trauste sunnfjordingar. Til helga blir Førde fylt av musikk og dans.

MUSIKKPARADE: Slik såg det ut då over femti personar fylte gatene i Førde med musikk og dans.

Då 27 musikarar og dansarar frå Sør-Afrika skulle lære kursdeltakarar tone og takt frå det afrikanske landet enda det med musikkparade gjennom gatene i Førde.

Fredskorpset hadde i dag invitert til verkstad der sørafrikanske kunstnarar skulle gje inspirasjon til norske musikarar og dansarar.

– Dei er ein del av Field Band Foundation, fortel Tutu Jacobsen Kirya i Fredskorpset.

Organisasjonen har 26 band over heile Sør-Afrika, men størst fokus på dei fattigaste bydelane i dei største byane.

Målet er å halde ungdomen vekke frå kriminalitet og eit vanskeleg liv.

Musikkparade

STEMNING: Det blei god stemning i Førde då musikkparaden fylte gatene med musikk og dans.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Noregsturné

Førre helg var dei 8 dansarane og 19 musikarane i Bergen for å feire 100-årsjubileet til Norges Musikkorps Forbund. Dei har hatt eit tett samarbeid sidan 2001, deriblant med utveksling av personar mellom dei to organisasjonane.

Sidan dei sørafrikanske musikarane først var i Noreg tenkte Fredskorpset at ein tur til Førde under Førdefestivalen var vinn-vinn for alle partar.

1. august flyttar Fredskorpset offisielt hovudkontoret frå Oslo til Førde. Ifølge Kirya er dette byrjinga på eit tett samarbeid med Førdefestivalen.

– Vi håpar på eit godt samarbeid, seier ho.

Tutu Jacobsen Kirya

VIL SAMARBEIDE: Tutu Jacobsen Kirya i Fredskorpset håpar dei kan få ei tett samarbeid med Førdefestivalen når dei flyttar hovudkontoret til Førde frå og med 1. august.

Foto: Fredskorpset

Tett program

Dei neste dagane skal gruppa opptre i både Førde, Florø og Høyanger.

– Det blir musikkparade i Florø sentrum klokka 18 på onsdag, seier Kirya.

Torsdag er det Høyanger som får høyre og sjå musikk og dans frå Sør-Afrika frå klokka 11.

Fredag er det offisiell opning av Førdefestivalen, men programmet er i gong allereie onsdag. I år er det heile 39 innslag under festivalen, som også skal ha konsertar på Håjen Kafé i Naustdal og på Utsikten på Gaularfjellet.