Hopp til innhold

Sender Munch-bilde for milliardar ut av landet

Hemmeleghald, månader med førebuing og ekstrem varsemd må til når 18 skjøre måleri frå Bergen blir sende til London på utstilling.

Munch-utstilling på The Courtauld i London

MILLIARD-VERDIAR: Dei verdifulle bilda av Munch har no kome på veggen i kunstmuseet The Courtauld i London. Utstillinga opnar fredag 27. mai.

Foto: Fergus Carmichael / The Courtauld

– Det er store verdiar vi sender. Det er i alle fall milliardar, og så tenkjer eg det er presist nok. Men det er vanskeleg å sjå for seg at det skal sendast dyrare transportar ut av Noreg enn dei vi sender no, seier ein løyndomsfull Kode-direktør Petter Snare.

Han vil ikkje seia noko om verken transportmåte, reiserute eller tidspunkt for transporten.

– Frakta er ein diskusjon mellom oss og politiet, seier han.

Toler dårleg å bli flytta

Men det er ikkje berre faren for tjuveri undervegs som kan gje museumsfolka i Bergen mareritt. Den spesielle målarteknikken til Munch gjer at bilda er svært skjøre.

– Munch sine måleri er kjende for å vera veldig skjøre. Dei toler veldig dårleg å bli flytta på. Han var veldig eksperimentell i måten han blanda målinga på. Han eksperimenterte med bindemiddel, altså det som held fargane fast, seier Line Daatland som er direktør for samlingar og utstillingar ved Kode.

Det betyr at små flak av målinga kan losna etter kvart som åra går. Derfor må bilda konserverast, som det heiter på fagspråket, før dei kan flyttast på.

Det betyr å gå nøye over kvart bilde, millimeter for millimeter, og eventuelt festa det som er i ferd med å losna.

– Ustabil måling kan losna under transport. Så dette er det viktigaste vi gjer før eit måleri skal ut på reise, forklarer Daatland.

Line Daatland

TIL LONDON: Måleriet «Kvinnen i tre stadier» er blant dei største som skal stillast ut i London, seier direktør for samlingar og utstillingar ved Kode i Bergen, Line Daatland.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Blir sikra og overvaka

Neste steg er å setja på ei glasplate. Så blir kvart måleri plassert inne i ein godt polstra og solid, spesialbygd kasse for å unngå støyt og vibrasjonar.

Kassane må fraktast ståande, og det er montert på ein sensor som slår ut dersom kassen får ein uønskt vinkel.

Dessutan er luftfukt svært viktig for at måleria ikkje skal ta skade. Alle stader der måleria er på reisa, blir klimaet overvaka nøye med måleinstrument for å sikra at lufta ikkje er for tørr eller fuktig.

– Det viktigaste for oss er at bilda ikkje tar skade av transporten, seier Erik Markestad, produksjonsleiar ved Kode.

Transportkasse for maleri

SOLID KASSE: Kassane som blir brukte til å frakta måleria er mykje større enn sjølve måleria, for å gje plass til store mengder polstring som skal sikra dei mot skadar.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Store måleri er spesielt utfordrande å transportera, fordi det er større fare for at sjølve lerretet bevegar seg. Måleriet «Kvinnen i tre stadier» som er to og ein halv meter langt får ein ekstra bakvegg med spesialpolstring.

– Dette er ein stor jobb å laga, og er tilpassa akkurat dette måleriet, seier Markestad.

Nokon av måleria i Bergen har rett og slett fått reiseforbod, etter at dei er gjennomgått og vurdert av ekspertar.

– Vi skal jo ta vare på bilda til evig tid, så det er veldig viktig at vi har full kontroll på dei heile tida.

Erik Markestad

FULL KONTROLL: Produksjonsleiar Erik Markestad viser fram den store bakplata som skal sikra måleriet «Kvinnen i tre stadier» på den farefulle ferda til London og tilbake.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Byttelån mot Cézanne

Det er svært sjeldan Kode låner ut Munch-bilde, men denne gangen er eit unntak. Museet fekk ein avtale med museet The Courtauld i London om eit byttelån. I fjor fekk Kode visa fram viktige verk av Paul Cézanne frå det britiske museet, og denne gangen sender Kode kunst tilbake.

– Dette blir ein av dei viktigaste utstillingane som opnar i London no. Det er ei stor glede for oss å kunna visa 18 av dei viktigaste og mest kjære måleria av Edvard Munch på The Courtauld. Aldri før har så mange nøkkelverk blitt lånte ut til ei utstilling utanfor Skandinavia, seier Kode-direktør Petter Snare begeistra.

Petter Snare

HEMMELEG: Direktør Petter Snare ved Kode seier at alt som skjer før og under transporten er hemmeleg. No når Munch-bilete er trygt framme, gler han seg over at så mange menneske får sjå kunsten i London.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Bilda er no trygt framme i London. Utstillinga opnar fredag 27. mai og blir ståande til 4. september. Deretter skal nokre av dei vidare til ei utstilling i Paris, mens dei andre blir sende heim igjen til Bergen.

Kode i Bergen har den tredje største samlinga av Munch i heile verda. Samlinga er kalla opp etter Rasmus Meyer, som samla kunstverka. Han var blant dei første viktige samlarane av Munch, og sikra seg viktige verk frå alle periodane til kunstnaren.

Les også: Difor blir vi framleis fascinert av Edvard Munch

Edvard Munch