Hopp til innhold

– Eg har fått mange stygge blikk på bygda

FØRDE (NRK): Fleire bruker framleis ikkje munnbind på butikken i småbyar. I Bergen og Oslo har det vorte eit heilt vanleg syn. Nina Standal trur mange droppar munnbind for ikkje å skilje seg ut.

Nina Standal med munnbind

GLAD I MUNNBIND: Nina Standal frå Førde er busett i Bergen. Ho har brukt munnbind sidan mars 2020.

Foto: Nina Sandal

– Ein hotellresepsjonist rygga to meter bak då han såg at eg brukte munnbind, seier Nina Standal om ei oppleving i mars i fjor.

Det som før vart assosiert med tannlegar og kirurgar, har det siste året vorte eit kvardagssyn, spesielt i storbyar som Oslo og Bergen.

I Bergen er det heilt vanleg med munnbind, mens i Førde er det eit meir sjeldent syn

MUNNBIND: Del av morgonrutina den eine staden, men uvant og ubehageleg på den andre.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK / Marit Hommedal / NTB

Men på mindre plassar er synet sjeldnare, og fleire kan oppleve ei kjensle av å bli sett rart på om dei dekker munn og nase med den blå maska.

– I Bergen legg ingen merke til meg lenger, men i Førde får eg framleis reaksjonar på munnbindbruken, fortel Standal, som har brukt munnbind sidan mars 2020.

Ho bur i Bergen, men pendlar til Førde kvar veke, og trur flokkmentaliteten er ekstra sterk på mindre plassar.

– Eg har sjølv kjent på eit ubehag når eg tek på munnbind i mindre byar eller bygder. Eg har fått mange stygge blikk, fortel 57-åringen, som sjeldan er redd for å skilje seg ut.

Flokkmentalitet

Psykologspesialist og stipendiat ved UiO, Jan Ole Hesselberg forklarar at dei fleste er opptekne av å handle innanfor dei sosiale normene. I område der munnbind ikkje har vore vanleg eller påbode, vil terskelen for å ta på munnbind vera høgare.

– Menneske er sosiale dyr, og i situasjonar der me ikkje er sikre på korleis handle, ser me til kva andre gjer, seier Hesselberg.

I storbyane kan du bli sett rart på om du ikkje har munnbind. På mindre stader er det motsett. Kvifor er det slik?

I storbyane kan du bli sett rart på om du ikkje har munnbind. På mindre stader er det motsett. Kvifor er det slik?

Han meiner fleire, inkludert han sjølv, kan kjenne seg att i å vera usikker på bruken av munnbind.

Tidlegare i pandemien møtte han kjente på ein nærbutikk i Oslo. Dei var utan munnbind, og han med.

– Eg tok faktisk av munnbindet i den situasjonen, fortel psykologspesialisten, som meiner han neppe er unik.

Psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg.

FLOKKMENTALITET: Psykolog Jan-Ole Hesselberg meiner mange kan kjenne seg att i å vera usikker på munnbindbruken.

Foto: Jan-Ole Hesselberg

Likevel understrekar han at det som vert sett på som normalt stadig er i endring.

– I Oslo såg eg nesten ingen munnbind før styresmaktene anbefalte det, men i løpet av eit par dagar var bussane fulle av blå ansikt. Då gjekk munnbind frå å vera eit sjeldan syn, til å bli heilt vanleg på veldig kort tid, seier han.

Tok på munnbind då smittetrykket auka

I Førde kan Tonje Noreng Trøen kjenne seg att i at munnbind fører til undrande blikk.

– Nokon ser på meg som om det er eg som er sjuk, fortel ho.

Trøen er tilsett i ein bunadsforretning i Førde sentrum, og tok i bruk munnbind på jobb då kommunen opplevde eit auke i smittetrykk.

Ho trur at lågare smittetal i distrikta har ført til mindre munnbindbruk. Likevel mistenkjer ho at fleire let seg stoppe grunna frykt for å vera annleis.

Tonje Noreng Trøen på kjøpesenter

BRUKAR MUNNBIND: Tonje Noreng Trøen brukar munnbind når ho er på jobb.

Foto: NRK

– Me er jo flokkdyr og har ikkje lyst til å skilje oss ut, fortel Noreng Trøen.

Sjølv har ho måtte forklare eige munnbindbruk til spørjande kundar.

– Eg måtte roe med at det ikkje var påbode, og forklare at eg ynskja å halde andre trygge.

Trass ubehagelege blikk og spørsmål har ho ikkje vurdert å ta av seg munnbindet.

– Det toler eg heilt fint, seier ho.