Hopp til innhold

Munken finn ikkje kameraten si grav

JØLSTER (NRK): Grava etter kameraten til broder Ole finst ikkje lenger. No skal gravene i Jølster brukast på ny etter 20 år, i staden for 40. Det får mange til å reagere.

Ole Støfring, den einaste benediktinarmunken i Noreg, heime i Jølster.

BORTE VEKK: Grava etter kameraten til Ole Støfring er borte vekk. No skal gravene i Jølster brukast på ny etter 20 år, i staden for 40.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

– Du føler deg litt framand. Dette er folk eg var knytt til, og no er alle spor vekke, seier Ole Støfring (75).

Han har nett vore på Ålhus kyrkjegard i Jølster etter mange år i utlandet. Ein av dei han leita etter var ein kamerat frå militæret, som døydde ung. No er grava borte vekk.

Ingen ville betale for feste, og ingen fann på å spørje Ole. Og ikkje har han pengar heller. Han er munk og berre ein sjeldan gong tilbake i Jølster, der han vaks opp.

Ole Støfring

FRAMANDGJERANDE: Du føler deg litt framand. Dette er folk eg var knytt til, og no er alle spor vekke, seier Ole Støfring (75).

Foto: Håvard Nyhus / NRK

I Noreg har alle graver ei fredingstid der ingen kan røre dei. Etter dette kan grava bli sletta for å bli brukt på nytt, med mindre ein «festar» ho for ti nye år, mot ei festeavgift.

LES MEIR: Når kjeklinga i klosteret tek overhand, synest broder Ole det er greitt å kome tilbake til Jølster.

– Blir ikkje stelte

I Jølster har gravene vore freda i 40 år. I oktober vedtok det nye kyrkjelege fellesrådet i Sunnfjord å sette ned fredingstida til 20 år, med unntak for der det er blåleire. Grunngjevinga er driftskostnader og standaren på gravplassane. Mange av gravene blir ikkje stelte.

Eit kompromiss, forklarer prost i Sunnfjord prosti, Reidar Knapstad.

– 20 år er ikkje nok for å ta vare på det kulturelle minnet, men det er opp til den enkelte å forlenge, seier han.

Førde kyrkjegard

FØRDE KYRKJE: I Noreg har alle graver ei fredingstid. Etter dette kan grava bli sletta for å bli brukt på nytt, med mindre ein «festar» ho mot ei festeavgift.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Fortida hogd i stein

– 20 år. Det er ikkje lenge, seier Gunnhild Systad, som har jobba med vern av kulturminne heile livet.

Ho omtalar gravstaden «som ei ope historiebok, der fortida er som hogd i stein».

– Kyrkjegarden er som eit kulturlandskap. Det ligg ei historie i kvar gravstein.

Ho synest derfor det er «rart» at fredingstida ikkje er lenger.

– Vi må huske at vår tid også blir historie ein gong, seier ho, og spør seg kva vi «røvar framtida for» når gravene så fort blir vekke.

– Viska ut

Ho får støtte frå Yngve Nedrebø, historikar ved Statsarkivet i Bergen.

– Dersom vi ikkje skal la folk eksistere i meir enn 20 år etter at dei er døde, er det øydeleggande, seier han.

I likskap med Ole Støfring har han vitja Ålhus kyrkjegard fleire gongar. Kvar gong ventar han til sola står lågt og skin på kyrkjetrappene. Berre då – i det ljoset – får han auge på namnet som er prenta inn i kyrkjetrappa, minnet etter ein mann som døde i 1818.

Han kallar det ei påminning om kva for namn som blir skrive inn i historia, og kva for namn som ikkje blir det.

– Det er dei med familie som er villige til å betale som blir ståande att, seier Nedrebø, og minner om at berre halvparten av dei som levde på 1600-talet har etterkommarar.

– Slik er det i vår tid òg. Mange av oss blir viska ut.

Kyrkjetrappa på Ålhus kyrkjegard

MINNET I TRAPPA: Kvar gong Yngve Nedrebø er på Ålhus kyrkjegard, ventar han til sola står lågt og skin på kyrkjetrappene. Berre akkurat da kan han sjå namnet som er prenta inn i kyrkjetrappa, minnet etter ein mann som døde i 1818.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Populært med minnelundar

Nesten halvparten av kommunane i landet har no minst éin minnelund, melde NRK i oktober. Stadig fleire, særleg på Austlandet og i Midt-Noreg, vel bort den tradisjonelle gravferda til fordel for urnenedsetting i ein felles gravstad.

– Det er meir avgrensa kor personleg ei namneplate på ein minnelund kan bli, men her kan du også få inn ei gravskrift, ein yrkestittel eller eit symbol, som gjer at du får meir informasjon om den døde, seier Åse Skrøvset, gravplassrådgjevar i Den norske kyrkje.

Der gravplassane krev stell og merksemd, kan minnetavla stå nær sagt til evig tid – utan vedlikehald.

Tendensen er likevel ikkje ukontroversiell. I oktober åtvara Det kirkelige fellesrådet i Bergen mot «skiltgravplassar» kor namna blir ståande også etter at pårørande er borte, og at dette vil endre «kulturen og preget på gravplassane».

– Alt skal vekk

Tilbake i Jølster tenkjer Ole Støfring på den gamle kameraten som døydde altfor tidleg. Om ingen andre minner han, og gravsteinen hans er vekke, så skal iallfall han gjere det.

– Han var skipstelegrafist og fekk kreft av strålinga som dei brukte den gongen. Det er synd at gravsteinen er fjerna. Men det er liksom politikken i dag. Alt skal vekk.