Hopp til innhold

Møtte statsministeren på video for å diskutere korona-situasjonen i kommunane

FØRDE (NRK): Statsminister Erna Solberg samla i dag fire kommunar til videokonferanse. Ho ville høyre korleis dei taklar korona-krisa.

Erna Solberg og Bent Høie i telefonkonferanse med fire kommunar.

PÅ STORSKJERM: Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) under videomøtet.

Foto: NRK

– Olve, høyrer du meg?

Statsministeren kallar opp ordførarar Olve Grotle (H) og kommuneleiinga i Sunnfjord kommune. Også kommunane Hemsedal, Bærum og Tromsø var med.

– Det er jo ein veldig spesiell situasjon vi er i, seier ho frå Statsministerens kontor der ho sat saman med helseminister Bent Høie (H).

Målet med videokonferansen var å få vite korleis kommunane har det no. Fleire tema dukka opp.

– Utfordringane hos oss er nok litt som hos andre kommunar. Vi manglar testutstyr, og så har vi eit særskilt blikk på dei som ikkje er i barnehage og skule og som har større utfordringar og har det meir utrygt enn andre, sa ordførar Olve Grotle i Sunnfjord.

Sunnfjord kommune i telefonkonferanse på Erna Solberg

I FØRDE: Her sit dei frå Sunnfjord kommune som fekk vere med på møtet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Uro for næringslivet

Han fortel at kommunen enno ikkje har kome i ein prekær situasjon enno, men seier dei ikkje må gløyme dei som er sjuke.

– Vi reknar med at talet på sjuke og alvorleg sjuke vil stige.

Grotle er også uroleg for næringslivet.

– Det gjeld dei små og mellomstore bedriftene som no opplever tørke på inntekt og ordretilgang og som kjempar for å overleve. Det kan nesten ikkje understrekast nok kor alvorleg dette er, særleg viss dette blir langvarig. Då vil heile landet få store utfordringar.

Olve Grotle

ORDFØRAREN: Olve Grotle ville mellom anna ha svar på tiltak i næringslivet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ønskjer treffsikre tiltak

Han meiner det er viktig med statlege tiltak som kan hjelpe på situasjonen.

– Eg håper regjeringa jobbar med dette og har treffsikre tiltak, men eg trur vi berre må innsjå at når så mange næringsdrivande og så mange bransjar ikkje har inntekter, går vi mot ein situasjon med konkursar.

– Vi har fått ein del tiltak og det har vore hjelp i, men skulle ønske meir treffsikre tiltak. Når ting roa seg litt, så må ein setje i gang tiltakspakkar som gir bransjane arbeid.

Ser etter gode løysingar

Erna Solberg

LEIA MØTET: Erna Solberg sat på Statsministerens kontor.

Foto: NRK

Statsministeren seier dei ser på moglegheita for å gi direkte støtte til ein del av dei bedriftene som har måtte stengje ned.

– Vi har heile tida sagt at vi starta med nokre tiltak og så jobba vi vidare med andre. Eit av tiltaka vi ser på, er direkte støtte til ein del av dei bedriftene som har måtte stenge. Men vi må finne ei ordning som kan praktiserast.

Solberg takka

I løpet av møtet takka Solberg alle dei som gjer ein ekstra innsats.

– Eg vil seie tusen takk for den jobben alle de gjer, og alle andre i kommunesektoren. Det er ein veldig spesiell situasjon vi er oppe i. Det har vore krevjande.

– Vi må gjere knallharde prioriteringar for å gjere det viktigaste no, men eg er så imponert over innsatsen som blir gjort. Det er viktig med dei eldre og dei omsorgstrengande, at dei får god hjelp. Dette er noko vi må samordne oss endå betre på.