Klagen kan i verste fall gjere at Norsk Motor Klubb Sunnfjord ikkje får arrangere Vestlandsmeisterskapen.
– Når det er køyring på bana, anten det er trening eller konkurranse, er det så mykje bråk at det er uråd for meg å sitje ute på terrassen, seier Ragnhild Myklebust. Ho er ein av naboane til motorsportbana i Kråkenesmarka i Førde. No klagar ho saman med andre naboar på at Førde kommune har gitt dispensasjon frå støykrav i høve Vestlandmeisterskapen som skal arrangerast 7. august.
Oppfyller ikkje støykrav
Endre Grande, som er advokaten til Ragnhild Myklebust og naboane hennar, meiner Førde kommune har gjort ei uloveleg handling. Grande meiner støykrava som kommunen sjølv har vedtatt, ikkje er oppfylt, og at dei heller ikkje er mulig å oppfylle med den køyringa som føregår i samband med trening og løp.
– Mest positivt
Førde kommune meiner ikkje dei gjorde noko uloveleg då dei gav Norsk Motor Klubb Sunnfjord dispensasjon til Vestlandsmeisterskapen.
– Vi har vurdert dette etter lova, og meiner at det er mest positive grunnar til at dei kan gjennomføre dette løpet her, seier plansjef Reidar Hatlebrekke i Førde kommune. Men han understrekar at dei vil ta saka nærare opp til handsaming.
Fylkesmannen vurderer klagen
Klaga frå naboane til Kråkenesmarka ligg no hos Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen bestemmer seg for at dispensasjonen ikkje gjeld før etter at klagesaka er ferdig handsama, kan det føre til at Vestlandsmeisterskapen ikkje vert arrangert. Juridisk sjef hos Fylkesmannen, Arvid Mellingen, seier han vil sjå nærare på saka i løpet av dagen.