Hopp til innhold

To bilar har kollidert i Gaular - ikkje personskade

To bilar har kollidert i Gaular. Det skal ikkje vere personskadar.

Åmot

Politiet opplyser at ulukka skjedde i 20.25-tida på fylkesveg 422 på Åmot i Gaular. To bilar skal ha kollidert på slapseføret.

Ingen av dei involverte skal ha komme til skade. Men det skal vere materielle skader på bilane.