Hopp til innhold

No er det krisemøte i Høgre

Politikarane i Høgre i Bergen sit no i krisemøte for å diskutere korleis dei skal handtere narkoavsløringane. – Dei siste dagane har vore tøffe, seier stortingspolitikar Erik Skutle, som er sikta i saka.

Ragnhild Stolt-Nielsen på veg inn til krisemøtet i Høyres Hus i Bergen.

ORDKNAPP: Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen på veg inn til møtet i Høyres hus. – Vi skal ha eit arbeidsutvalsmøte der vi diskuterer korleis vi skal handtere situasjonen framover

Dag Skansen

Gruppeleiar Dag Skansen på veg inn til krisemøtet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Høgre i Bergen og Hordaland Høgre møtes i Høyres Hus i Bergen for å diskutera vegen vidare i saka. I tolvtida kjem fleire politikarar gåande til møtet i Kong Oscars gate.

– Det er ikkje dette vi likar best å gjere, seier Høgre sin gruppeleiar Dag Skansen på veg inn til møtet.

Seks politikarar tilknytt Høgre i Bergen er involvert i narkotikasaka som politiet har rulla opp i Bergen dei to siste vekene. Ein av dei sikta er stortingspolitikar Erik Skutle.

Deltek ikkje

NRK har laurdag vore i kontakt med Erik Skutle.

– Dei siste dagane har vore tøffe. Denne helga reiser eg på hytta for å prøve å finne litt ro, seier han til NRK. Utover dette vil han ikkje kommentere siktinga eller partiet si behandling av saka.

– Eg ber om forståing frå pressa for at eg vil forsøka å få dette litt på avstand, og at eg ikkje vil kommentere saka meir på noverande tidspunkt.

Han skal ikkje delta på møta i arbeidsutvalet eller med Unge Høgre.

– Eit stort problem

Også byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen deltek på møtet, saman med fylkesleiar Liv Kari Eskeland i Hordaland Høgre.

– Eg vil ikkje sei så mykje. Vi skal ha eit arbeidsutvalsmøte der vi diskuterer korleis vi skal handtere situasjonen framover, seier ho.

– Er det ein ukultur i Unge Høgre?

– Det veit eg ikkje noko om. Eg veit at vi har eit stort problem med ungdomsmiljøet i Bergen som vi må ta på alvor, seier Stolt-Nielsen før ho går inn døra på Høyres hus.

Bakgrunn

Seks politikarar tilknytt Høgre i Bergen er involvert i narkotikasaka som politiet har rulla opp i Bergen dei to siste vekene.

  • Førre veke vart eit medlem i Unge Høgre arrestert og sikta for sal av cannabis, som ein del av den store narkoaksjonen til politiet på vidaregåande skular i Bergen. Personen var sleppt fri av politiet tidlegare denne veka.
  • Onsdag vart tre personar arrestert og sikta for bruk av narkotika. Torsdag vart det kjent at det var stortingspolitikar Erik Skutle samt ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen. Tredjemann skal vera ein tidlegare Unge Høgre topp som framleis er aktiv i partiet.
  • Og fredag vart ytterlegare to mistenkte kalla inn til avhøyr hjå politiet