Hopp til innhold

Møter tøff utfordring på Jæren

Sundag kveld er det klart for ein klassikar i norsk fotball. Bortekampen mot Bryne blir ein av dei tøffaste oppgåvene for Brann denne sesongen, trur Vadim Demidov.

Brann-spelar Vadim Demidov

KLAR TIL KAMP: Vadim Demidov trur kampen mot Bryne blir tøff.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Demidov er ein av få i dagens stall som har møtt jærklubben i seriesamanheng. Bryne står utan tap til no i 1. divisjon med to sigrar og tre uavgjorte kampar.

– Det blir knalltøft og dei kjem til å gi oss ein god kamp. Men vi må tørre å vise fram spelet vårt og køyre på i den gode stimen som me er inne i no.

Brann har vist seg fram frå ei betre side dei siste kampane i 1. divisjon. Frå ein dårleg start på sesongen, snudde dei 0–2 borte mot Jerv til uavgjort før eit hat trick-show frå Jakob Orlov gjorde at Ranheim vart slått komfortabelt på Stadion på torsdag.

Laster innhold, vennligst vent..

Ny rolle

– Vi viste ein god moral mot Ranheim og stod fram meir stabilt. Tar vi tre poeng mot Bryne er vi plutseleg framføre skjema, seier Demidov.

Midtstopparen har fått ein ny uvant rolle meir sentralt i bana. Likevel føler han det fungerer bra med midtbanemakkeren Fredrik Haugen.

– Eg sit å skjermar saman med stopparane, slik at Fredrik får meir spelerom offensivt. Det passar både meg og han bra.

Klassikar

Ein må tilbake til 2004 for å sist finne ein obligatorisk kamp mellom Brann og Bryne. Det året vann bergensarane cupen, og slo jærbuene 3–2 i kvartfinalen på Stadion. Det er likevel ein anna cupkamp som fleire Brann-supporterar kanskje hugsar betre.

I 1987 tapte storfavorittane Brann cupfinalen mot Bryne med 0–1.

Men sjølv om kveldens bortekamp blir ein tøff utfordring frå Brann, så har dei statistikken på si side. Brann har vunne ni kampar, spelt to uavgjort og tapt fire kampar på Bryne Stadion.

Castro tilbake i ellevaren

Startoppstillinga er klar. Rikard Norling gjer to endringar på laget som vann mot Ranheim. Alejandro Castro kjem inn for Kristoffer Larsen, medan Jonas Grønner blir ofra for Fredrik Knudsen i midtforsvaret. Her er dei elleve som møter Bryne i kveld:

Udjus - Nouri, Knudsen, Acosta, Demir - Barmen, Haugen, Demidov, Huseklepp - Castro og Orlov.