Hopp til innhold

Møter på nytt i retten etter saksedrap i Bergen

To år etter at ein 38 år gamal mann vart drepen med saks i Bergen, byrjar rettssaka mot tre tiltalte menn.

Mistenkelig dødsfall på Wergeland

DREPEN: Politiet rykte ut til eit bustadhus på Wergeland i Bergen, etter at ein mann vart funne død i hagen. To år seinare møter tre menn i retten, der ein av dei er tiltalt for drap.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Ein 43 år gamal mann frå Estland er tiltalt for forsettleg drap på ein 38 år mann frå Litauen.

I tillegg til den drapstiltalte 43-åringen, står to menn frå Litauen tiltalt for å ikkje ha gripe inn då 38-åringen døydde ved eit bustadhus på Wergeland i Bergen 7. november 2013.

Saka byrjar måndag i Bergen tingrett.

Brukte saks

Mannen vart funnen i ein hage med fleire stikkskadar i kroppen. Obduksjonen viste seinare at litauaren var påført 17 stikk med saks.

Politiet meiner den massive valden mot 38-åringen skjedde inne i huset, før han vart boren ut i hagen. Han skal ha døydd av blodtap, eventuelt i kombinasjon med nedkjøling og alkoholpåverknad, ifølgje tiltalen.

Fleire av bebuarane i huset var overstadig rusa då politiet kom til åstaden.

Vart utsett i sommar

Saka skulle eigentleg gå for Bergen tingrett i juni, men forsvararen til den drapstiltale bad om utsetjing fordi han meinte politiet ikkje hadde henta inn vitne som ville ha betydning for saka. Retten gav han medhald og utsette saka på ubestemt tid.

Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs seier både det grufulle drapet og ventetida har vore ei belastning for den næraste familien til den avdøde 38-åringen.

– Dei har hatt det tungt, men er letta over at saka endeleg kjem i gang. Dei har venta i to år på dette, seier bistandsadvokaten til NRK.

– Spesielt tungt har det vore for mora, som har mista sin einaste son. Det har vore vanskeleg å leva med at han vart riven bort på ein så brutal og uverdig måte.

Nektar straffskuld

Den drapstiltalte 43-åringen rakk å nekte straffskuld før saka vart utsett på ubestemt tid i juni. Tidlegare har han hevda at offeret angreip først, og at han handla i nødverje.

– Han erkjenner ikkje straffskuld. Han meiner det er dei to andre, eller ein av dei, som har gjort det, seier 43-åringens forsvarar, Ole-Petter Grythe Hoff til NRK.

Også dei to andre nektar straffskuld for det dei er tiltalt for. Det er sett av åtte dagar til rettssaka.

Robin Schaefer, politietterforskaren som varsla i Monika-saka, leia etterforskinga av drapet på Wergeland i 2013. Under etterforskinga kom han over saka om Monika Sviglinskaja (8) sin død, som var blitt lagt vekk av politiet i Bergen.