Hopp til innhold

Møter ministeren med demonstrasjon

Gruvemotstandarane i Vevring håpar mat frå Førdefjorden skal få miljøvernminister Erik Solheim til å vende tommelen ned for gruveplanane i Engebøfjellet.

Førebur demonstrasjon i Vevring.

FØREBUR: Innbyggjarane i Vevring bur seg på dagens møte med miljøvernminister Erik Solheim.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

I dag kjem miljøvernministeren som skal seie ja eller nei til fjorddeponiet på synfaring i bygda. I Vevring vil Erik Solheim bli møtt av motstandarar av gruvedrifta.

– Det er ein veldig alvorleg dag. Det er ei alvorleg sak. Dette er kampen om fjordane som er blåst i gang, seier Anne Line Thingnes Førsund.

– Ikkje berre Vevring

Førebur demonstrasjon i Vevring.

FRISK FISK: Born og unge i bygda vil vise ministeren at dei ynskjer at fisken i Førdefjorden skal vere frisk.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Motstanden har vore stor i bygda over lengre tid. Det har vore demonstrert også tidlegare. Så blir også tilfelle når delegasjonen frå regjeringa kjem på besøk i dag.

Dei vil markere sin motstand til at det i fjorden skal deponerast 11 tonn slam per minutt i 50 år om gruvedrifta kjem i gang.

– Denne saka vil skape presedens. Det handlar ikkje berre om Førdefjorden. Kan du ta ein sprell levande, heilt rein fiskerifjord som denne fjorden og proppe den full av gruveavfall og kjemikaliar, så kan du ta ein kva som helst norsk fjord, seier Thingnes Førsund.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2009_5_19_19_49_43_1110.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ TV-SAK: Folkemøte om gruvedrift i Vevring.

– Eit svært dårleg byte

Ho viser til ein rapport som slår fast at det ligg mineralverdiar langs norskekysten for 1 500 milliardar. Difor meiner demonstrantane i Vevring at det ikkje berre er tale om Engebøfjellet og Førdefjorden.

– Det står i same rapport at det føreset fjorddeponi, seier Thingnes Førsund.

– Gruvedrifta vil bety pengar i kommunekassen og arbeidsplassar?

– 170 arbeidsplassar i bytte mot ein heil fjord full av fisk, full av mat, full av villaks, det er til og med ein nasjonal laksefjord, det er eit svært dårleg bytte, seier ho.

Serverer fjordmat

Planlegg demonstrasjon i Vevring.

BUR SEG: Born og unge vil møte miljøvernministeren med plakatar og banner.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Sidan tidleg tysdag morgon har innbyggjarane førebudd demonstrasjonen mot planane Nordic Mining har for Engebøfjellet.

Dei yngste lagar teikningar og banner, medan dei eldste set saman ein meny beståande av mat frå Førdefjorden.

– Eg håpar han tykkjer det smakar godt, at det er ein oppvekkjar og påminning om at fjordane er fulle av mat og oppleving, seier Thingnes Førsund.

Video Ønskjer snarleg avklaring or gruveplanane i Vevring

SJÅ TV-SAK: Ønskjer snarleg avklaring om gruveplanane i Vevring.