Hopp til innhold

Møter hotellgjestene med munnbind – sjølv om dei ikkje må

SOGNDAL (NRK): Stadig fleire yrkesgrupper vel å ikle seg munnbind, til trass for at det ikkje er pålagd. No blir det varsla om nye munnbind-råd.

Dino Nobrega serverer gjester ved Quality Sogndal Hotel

SMITTEFRI SERVERING. Restaurantsjef Dino Nobrega byrjar å bli vand med å gå med munnbind når han serverer gjester ved restauranten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Første dagen var det litt ubehageleg. Det var varmt og klamt, og litt tungt å pusta, seier Tonje Johnsen, som står i resepsjonen på Quality Hotel Sogndal.

– Det er framleis varmt og klamt, men det går betre i dag, legg ho til.

Blå munnbind har dei siste vekene vorte ein del av uniforma til resepsjonistar, servitørar og frukostkokkar på hotellet i Sogn.

Tidlegare i veka melde hotellkjeda Nordic Choice at munnbind skal vere obligatorisk for deira tilsette som har direkte kundekontakt.

Tonje Johnsen ved Quality Hotel Sogndal

MØTT MED MUNNBIND: Tonje Johnsen og dei andre i resepsjonen har munnbinda på stort sett heile dagen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nye råd om bruk av munnbind

I dag skal Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) levere ei utgreiing om eventuell «oppdatering» av råda om bruk av munnbind.

– Avgjerd blir fatta etter den tid og kommunisert så snart den er klar, skriv Helsedirektoratet i ein e-post til NRK.

14. august presenterte helseminister Bent Høie (H) nye råd om bruk av munnbind, basert på tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI).

Råda gjeld kollektivtransport i Oslo og Indre Østfold «der det ikkje er mogleg å halda 1 meter avstand.»

Anbefalinga i dag gjeld fram til 31. august.

Vil ha munnbind-påbod

Tilrådinga vart kritisert for å vere for avgrensa. Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland var blant dei som ønskte seg eit statleg munnbindpåbod.

I tillegg til hotellbransjen har også andre verksemder innført egne krav. I august kjøpte ferjeselskapet Norled inn 20.000 munnbind til tilsette som har mykje kundekontakt.

27. august melde Pilotforbundet at dei vil ha strengare krav.

– Luftfarten er avhengig av at folk føler seg trygge på reisa hele vegen. Det hjelper kanskje lite å ha på munnbind om bord på flyet når ingen hadde det på rett før de gjekk om bord, seier leder Oddbjørn Ketil Holsether i Pilotforbundet i Parat til NTB.

16. august kom eit krav om munnbind på all offentleg transport i Danmark.

Bruker ikkje munnbind

Hos ferjeselskapet Fjord1 har dei ikkje planar om å innføre munnbind blant tilsette, med mindre det blir tilrådd av styresmaktene.

– Vi følgjer debatten som går og råda frå styresmaktene, så inntil vidare har vi valt å ikkje ta det i bruk. Det er så langt heller ikkje eit sterkt ønske frå tilsette, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.

Neteland fortel at dei har endra billetteringsordninga slik at kundane kan betale via mobil. Også om bord i ferjene opplever dei at det greitt å halde einmetersregelen.

– Vi opplever at vi handterer det fint. Både tilsette og passasjerar er flinke, seier han.

Dagfinn Neteland

IKKJE BEHOV: – Vi ser at i vår ferjedrift og vår måte å betene kundar på, ser vi ikkje behovet for munnbind per no, men vi følger råda frå styresmaktene og oppfyller dei, seier Dagfinn Neteland i Fjord1

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ikkje krav i hotellbransjen

– Me prøver å vera i forkant. Dette er eit supplement til god avstand og god handhygiene. Dette kan ha ein effekt, så då gjer me det, seier hotellsjef Jørgen Christian Lindstrøm i Nordic Choice.

Fleire av gjestene som blir møtt av munnbindkledde har lurt på om dei må ha det også.

Det må dei ikkje, men alle kurs- og konferansegjester får tilbodet.

– Me vil ha eit ekstra lag tryggleik slik at gjestene er trygge på at me tek smittevernet på alvor, seier driftsdirektør i Quality Hotels, Henrik Ståhl.

Jørgen Christian Lindstrøm, direktør ved Quality Sogndal Hotell med handsprit.

HOTELLDIREKTØR: Jørgen Christian Lindstrøm seier dei ikkje har fått nokon negative reaksjonar frå gjestene.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK