Hopp til innhold

Møter fire topplag på rad i opninga

Sogndal er sett opp med kampar mot fire svært tøffe motstandarar i seriestarten i eliteserien neste år.

Hopen feirer

KLAR FOR MEIR JUBEL: Sogndal må ut mot svært tøff motstand i dei fire første rundane av neste års eliteserie. Ørjan Hopen og lagkameratane håpar nok likevel på meir jubel.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB Scanpix

Sogndal startar 17. mars serien heime mot Tromsø på Fosshaugane. Og deretter går det slag i slag for sogningane:

På rad og rekkje skal Sogndal møte storlaga Vålerenga, Rosenborg og Molde - før Sarpsborg kjem på besøk i femte serierunde.

Storkampen heime mot Brann er sett terminfesta til 5. mai. Sogndal skal spele borte mot Strømsgodset på 16. mai.

I siste serierunde er Sogndal sett opp med heimekamp mot Aalesund.