Hopp til innhold

Møter Danske Bank i retten

Bremanger kommune møter no Danske Bank i tingretten. Kommunen har allereie tapt 80 millionar kroner på såkalla derivatavtalar med banken.

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

FORTVILANDE: Rådmann Tom Joensen seier det er fortvilande at kommunen har såkalla derivatavtalar. No håpar kommunen at avtalane skal bli erklært ugyldige

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bremanger kommune har i fleire år krangla med ei rekkje bankar om avtalar som gjeld såkalla derivat (sjå faktaboks).

Avtalane kommunen har gjort med Danske Bank, tidlegare Fokus Bank, har blitt eit millionsluk for kommunen, skriv E24. Rådmann Tom Joensen seier til nettavisa at dei no håpar å få erklært avtalane ugyldige.

For Bremanger kommune betyr denne saka svært mykje. Vinn dei fram i retten kan dei få redusert underskotet etter Terra frå 170 til 90 millionar kroner.

– Fortvilande

Kystkommunen tapte over 200 millionar kroner på Terra-skandalen, og i tida etter har det vist seg at kommunen sit på fleire skjulte tapsbomber.

Den dåverande rådmannen inngjekk i 2006 og 2007 avtalar som kommunen meiner ikkje er gyldige. Rådmannen endra nemleg på eiga hand kommunen sitt finansreglement slik at det var mogleg for dei å kjøpe derivata.

Sidan ingen av dei folkevalde har vore involvert i avtalane meiner kommunen altså at dei er å rekne som ugyldige, skriv E24.

Rentegamblinga gjer at det er svært vanskeleg for kommunen å vite kor mykje dei må betale til ei kvar tid.

– Det svingar veldig. I 2010 kunne det til dømes svinge med eit titals millionar kroner frå månad til månad. Ein veit ikkje korleis det utviklar seg, og det er fortvilande, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger til nettstaden.

Avviser at avtalane er ugyldige

Hausten 2010 offentleggjorde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein rapport som viser at investeringane ulovlege.

Joensen seier til E24 av dei rettslege skritta dei no har teke mot Danske Bank er ei naturleg oppfølging frå kommune si side.

Danske Bank hevdar på si side av avtalene vart gyldig inngått, skriv nettstaden. Kommunikasjonssjef Stian Arnesen seier dei berre har vore involvert i ein liten del av transaksjonane og investeringane som kommunen gjorde i den aktuelle perioden.

– Vår rolle var avgrensa til ei restrukturering av eksisterande transaksjon og vi hadde difor ingen grunn til å tru at denne eksisterande transaksjonen ikkje var innanfor gjeldande regelverk i kommunen, seier Arnesen til E24.