AKSJONERER: Småbarnsmor Janne Endal Andersson har fått med seg foreldre og born til aksjon for lokalsjukehusa.
Foto: Hans Kristen Hyrve / NRKMåndag har 600 personar meldt si deltaking på ein aksjon til støtte for lokalsjukehusa. I sju tettstader i Nordfjord skal foreldre og småborn syngje Sunnfjord-diktaren Jacob Sande sin landskjende julesong «Det lyser i stille grender».
- LES OGSÅ.
Då aksjonistane fekk vite at helse- og omsorgsministeren (Ap) same dag gjestar Volda, inveterte dei Strøm-Erichsen sør om fjorden. Men statsråden takk pent nei og viste til at det ikkje vart tid til noko Nordfjord-besøk.
Men initiativtakar Janne Endal Anderson visste råd. Ho inviterte seg sjølv til eit møte med statsråden i Volda. Her vil ho overrekkje sju kvite lys til Strøm-Erichsen.
– Denne førespurnaden har vi takka ja til, opplyser politisk rådgjevar Tord Dale.
Statsråden skal også innom Ålesund under sitt sunnmørsbesøk.