Møt verdas kulaste sau

ASKROVA (NRK): Sauen Odlaug er stjerne på Instagram, men ho skal ikkje berre forevigast på sosiale medium. – Ho skal bli utstoppa, seier yngstejenta i familien Tansø.

Sauen Odlaug

SPENSTIG SUPERSTJERNE: Med sine spenstige hopp og sjarmerande vesen har sauen Odlaug blitt kjendis.

Foto: Veronica Strømme Tansø

Sauen Odlaug er ikkje som andre sauer. Den firbeinte skapningen har fått sin eigen Instagramkonto og har på kort tid blitt stor kjendis.

Matmor Veronica Strømme Tansø (35) deler hyppig bilete og videoar frå livet til sauen på øya Askrova utanfor Florø.

Ho har ikkje valt eit beskjedent namn på Instagramkontoen til sauen sin. Odlaug har uoffisielt fått den gjeve tittelen «World's coolest sheep» eller «Verdas kulaste sau».

Sauen Odlaug

KUL SAU: Instagramkontoen til sauen Odlaug har fått namnet «World's coolest sheep»

Foto: Veronica Stømme Tansø

Spenstig Instagramkjendis

Veronica er glad i å ta bilete. Ho publiserte foto og videoar av Odlaug på Facebook i vinter. Ein sambygding føreslo at ho kunne starte blogg, men Veronica ville helst ikkje skrive så mykje. Derfor blei det Instagram.

– Vi ville vise kva slags personlegdom som bur i desse krøllete dyra våre, seier Veronica.

Det var dottera Nilia Tansø (8) som hadde denne ideen då ho inviterte vennar til øya for å feire bursdagen sin. Ho ville halde eit show der ho fekk vise fram Odlaug sitt store talent.

Den spenstige sauen Odlaug er kjendis på Instagram.

GOD SPENST: Den spenstige sauen Odlaug er kjendis på Instagram.

Videoar som viser Odlaug i full vigør med sine spenstige hopp har fått merksemd over heile landet, men også utanfor landegrensene. Det synest familien Tansø er stas.

– Ho fenger mange. Ho er ein god ambassadør for sauene, meiner Veronica.

Sauen har fått si eiga agilitybane. Det er ei slags hinderløype der familien lærer ho ulike triks, på lik linje med ein hund. Odlaug har faktisk lært seg å «gje labb», men kvir seg litt for å gå over ei bru på beitet.

Odlaug trenar agility

HUNDETRENING: – Vi har fått oss ein hund med krøllar, seier Veronica Strømme Tansø. Sauen Odlaug gjennomfører treninga dersom ho får nokre godbitar.

Foto: Veronica Strømme Tansø

Har ho høgdeskrekk?

– Ja, kanskje, seier Nilia.

«Dronninga» av Askrova

Sauen beitar på øya Askrova utanfor Florø og ho har blitt ein stor snakkis i lokalmiljøet.

– Vi får veldig mange spørsmål om Odlaug når vi går på gata i Florø og treffer folk. Dei synest ho er morosam på Instagram, seier Veronica.

Nilia og sauen Odlaug

TO GODE VENNAR: Nilia (8) likar å ligge å sole seg saman med sauen Odlaug.

Foto: Veronica Strømme Tansø

Odlaug og eigarane har stilt opp til intervju med både Firdaposten, TV2 og VG tidlegare.

– No ventar vi berre på amerikansk presse, spøker 35-åringen.

Kjendisar kjem på besøk når dei er i nærleiken. Tidlegare denne veka fekk dei besøk av artisten Tom Hugo, som representerte Noreg i Eurovision Song Contest i mai saman med gruppa KEiiNO.

– Ho likte ikkje Grand Prix-songen. «Bæ, bæ lille lam» fall i smak, flirer Veronica.

Likar menneske betre enn sauer

Odlaug var det einaste kopplammet frå i fjor. Mor hennar hadde ikkje mjølk, så familien måtte trå til.

– Ho ville vere med oss. Vi prøvde å introdusere henne for andre sauer, men lukkast ikkje med det.

Odlaug nekta blankt å vere med dei andre sauene på garden. Ho braut seg gjennom gjerde og sprang tilbake til hagen.

Sauen Odlaug

BESTEMT: Sauen Odlaug ville vere saman med folk i staden for sauer.

Foto: Veronica Strømme Tansø

– Ho fekk viljen sin og vi vart flokken hennar, seier 35-åringen lattermild.

Familien fekk eit langt nærare band til Odlaug enn dei 80-90 andre sauene på garden.

– Hovudbonden synest eg er ein heilt håplaus bonde og lurer på korleis vi skal tene pengar på dette, seier Veronica humoristisk.

Busker og bananskal

Sauen likar å gå på butikken og kjøpe bananar saman med familien Tansø.

– Ho likar bananane best med skalet på, fortel Veronica.

Sauen har ein tendens til å smake på blomane utanfor butikken, så ho får ikkje lov å gå heilt bort til butikken.

– Det kan bli dyrt. Då må vi kjøpe blomar også, seier eigaren og ler.

Sauen Odlaug

SAU PÅ RADIO: Odlaug er allereie kjendis, men fekk lov til å vere med direkte i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Korleis har de klart å få ho til å vere så lydig?

– Ho er veldig glad i folk og ein liten godbit. Då kjem ein langt, seier Veronica.

Nilia knekker av fleire busker og deler ivrig ut til NRK-journalistane.

– Nei, Odlaug. No må du vente. Du skal få smake etterpå, seier åtteåringen.

Sauen Odlaug

GLAD I BLAD: Sauen Odlaug får premie etter treninga på beitet.

Foto: Veronica Strømme Tansø

– Sauen skal bli utstoppa

Nilia (8) har store planar om å ta konfirmasjonsbiletet sitt saman med Odlaug. Ho er svært glad i sauen sin, og hadde høgtideleg opplesing av sjølvskrive dikt då NRK var på besøk.

Dikt til Odlaug

KJÆRLEIKSERKLÆRING: Nilia (8) har skrive eit rørande dikt til sauen Odlaug.

Foto: Veronica Strømme Tansø

– Framtida hennar ser lys ut. Odlaug skal leve til ho blir gammal og grå i ulla, seier Veronica.

Nilia har derimot ein eigen plan for Odlaug si framtid.

Ho skal bli utstoppa!