Hopp til innhold

Store nedbørsmengder og auka skredfare

Det er meldt store nedbørsmengder og fare for jordskred og snøskred fleire stader i Noreg dei neste dagane.

Regn

VÅTT: Mot slutten av helga og inn mot neste veke er det venta at regnet vil hølje ned i store delar av Noreg.

Foto: Colourbox

Farevarselet for nedbør på Helgeland er oppjustert til oransje som er det nest høgste nivået. Meteorologisk institutt i Tromsø har bemanna opp frå i ettermiddag og opplyser om at det er svært uvanleg med så mykje nedbør på så kort tid.

Svært mye regn på Helgeland mandag, oransje farenivå

NEDBØR: Slik er nedbørsvarslet for måndag.

Foto: Brit Jorunn Svanes

– Frå måndag kl. 10 og 12 timar fram er det lokalt venta svært mykje nedbør. Det kan komme 60-70 mm på 12 timar, det meste på ettermiddagen i morgon, seier vakthavande meteorolog Håvard Torset i Tromsø.

Dei neste dagane er det venta at regnet høljar ned i store delar av Noreg. Årsaka til nedbøren er eit kraftig lågtrykk som kjem inn frå Atlanterhavet.

– Det er eit lågtrykk med mykje nedbør som kjem til fastlandet natt til måndag. I sør er det området frå Hardangerfjorden og oppover til Nordfjord som får mest nedbør, kanskje også på Sunnmøre, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk Institutt.

Det blir vått også utover tysdag på grunn av fuktige luftmassar frå vestleg retning.

– Det vil bli mykje nedbør frå Hardangerfjorden og oppover mot Romsdal og Nordmøre.

Og når det i tillegg kjem milde luftmassar, blir det regn ganske høgt til fjells etterkvart. Haga trur snøgrensa vil flytte seg til 1000-1200 meter over havet måndagen. Det som gjeld lengre nord i landet.

– Det blir godt med nedbør også i Trøndelag og sørlege delen av Nordland. Det ser ut som det kjem vel så mykje nedbør på Helgeland som på Vestlandet. Utover tysdagen vil temperaturen her synke og regnet går over til snø på grunn av ein kaldfront natt til tysdag.

Vått og varmt

Jordskredvarsel på varsom.no

FARE FOR JORDSKRED: Her er farevarsel for søndag.

Foto: Kartverket

Trass i at det allereie er ei våt helg fleire stader i landet, vil det altså bli endå våtare over helga. I indre strøk av Vestlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland er det sendt ut snøskredfare på oransje nivå søndag og måndag.

Laurdag kveld har varsom.no sendt ut varsel om at faren for snøskred aukar måndag. Fleire stader aukar han til oransje og raudt nivå.

– Temperaturen vil stige og det gjer at det vil verte ein god del snøsmelting i tillegg. Det er viktig å halde seg unna bratt terreng og elvar med høg vassføring, seier Mads-Peter Dahl i NVE.

Snøkredvarslinga ber folk som skal på tur i fjellet om å sjå seg for, og unngå område der det kan gå ras.

Dahl håpar folk som skal ut og køyre søndag kveld vel rute med omhu. Han ber også lokale myndigheiter vurdere ekstra kva vegar det er trygt å halde ope.

– Det er opp til dei å vurdere lokale forhold, seier han.

Snøskredfare for måndag

STOR SNØSKREDFARE: Måndag er det stor snøskredfare, raudt nivå, mange stader i Noreg.

Foto: Kartverket/NVE
Laster Twitter-innhold