Hopp til innhold

Mot friskmelding av Lærdalselvi

Håpet om friskmelding i Lærdalselvi rykker stadig nærare. Fire år etter at elva var behandla med aluminiumssulfat er det framleis ikkje påvist ny smitte av den frykta lakseparasitten Gyrodacylus salaris i elva.

Laksefiske i Lærdalselvi

KANSKJE TIL NESTE ÅR? Tor prøvar står att før Lærdalselvi kan erklærast smittefri.

Foto: Jan Christian Jerving

– Dette er absolutt godt nytt for elva, seier Sigurd Hytterød, som er leiar for friskmeldingsprosjektet for Lærdalselvi.

I august i år vart det samla inn 244 lakseungar, og i oktober vart samla inn ytterlegare 214 lakseungar frå dei 20 faste stasjonane i elva. Etter at prøvane er undersøkte er det ikkje påvist smitte.

– Vi skal gjere to nye undersøkingar i august og oktober neste år. Dersom det heller ikkje då vert påvist smitte, kan vi friskmelde elva, seier Hytterød.

Gyrodactylus salaris

PARASITTEN: Gyrodactylys salaris et huda til lakseungane. Det gir sårskadar og lakseungane får problem med væskebalansen, i tillegg til at dei ver meir utsette for bakteriar i sopp.

Foto: Tor Atle Mo

Godt nytt

I Lærdal gler leiaren for elveeigarlaget seg over dei gode nyhenda, men vil vente med å heise flagget til dei har fått resultatet frå dei to siste prøvane neste haust.

– Vi er letta og glade kvar gong vi får denne beskjeden, seier Lasse Sælthun.

Lasse Sælthun

VENTER MED Å HEISE FLAGGET: Lasse Sælthun er leiar i elveeigarlaget i Lærdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter 20 år med opp- og nedturar, og kanskje mest ned, som han sjølv seier det, kan dei endeleg sjå målet. To prøvar til står att før dei endeleg kan friskmelde elva igjen.

– No har det vore opna for fiske i nokre år, men med ei friskmelding vil vi kunne sleppe den uvissa som vi no har gått rundt med. Og ikkje minst vil det bety mykje for marknadsføringa av elva, seier Sælthun.

Omstridde behandlingar

Den frykta lakseparasitten vart første gong påvist i Lærdalelvi i 1996. I løpet av dei neste 20 åra har det vore gjort fleire forsøk på å få bukt med gyrosmitten. Blant anna vart den omstridde plantegifta rotenon teken i bruk.

– Behandlingar vart sett i gang 9. april i 1997 av alle ting. Elva var full av daud laks og aure, så det var heilt forferdeleg, seier Sælthun.

Her kan du lese fleire saker om kampen mot Gyrodacylus salaris i Lærdalselvi:

I motsetning til aluminium tok giftbehandlinga nesten alt liv i elva, og vekte sterke reaksjonar.

Tidleg tidleg på 2000-talet vart behandling med aluminiumsulfat lansert. Hausten 2005 og våren 2006 vart dette stoffet tømt ut i Lærdalselvi.

Men det kom nye vonbrot. Hausten 2007 viste det seg at gyroen framleis var i elva. Dermed vart det nye behandlingar i 2011 og 2012.

Miljøvenleg alternativ

Det var gjennom forsking på sur nedbør at forskarane oppdaga det som kan bli den nye måten å utrydde lakseparasitten Gyrodactlus salaris.

Resultata frå dei siste behandlingane med surt aluminium i Lærdalselvi synber at det kan vere eit reelt alternativ til rotenonbehandling, meiner Niva.

– Det har vore nokre spanande år. Det spesielle i Lærdal er det er første gongen i Norge og verda at ein har brukt aluminiumssulfat og lukkast, dersom det går bra også til neste år, seier Hytterød.