Hopp til innhold

Den vesle bygda som vart mørklagt før jul

I éi veke fekk julepynten i Olden henge i fred. Så kom Statens vegvesen på besøk.

Julepynt i Olden sentrum

OLDEN SENTRUM: Butikksjef ved Bunnpris, André Opheim og Osvald Olsen fortvilar over julepynten som vart teken ned av Vegvesenet.

Foto: Arild Hafsås

I byrjinga av desember fekk 9.-klassingane i Olden i oppgåve å henge opp julestjerner i sentrum.

Olden ligg inst i Nordfjord i Sogn og Fjordane, og tel 479 innbyggarar. Julepyntinga av handlegata har alltid vore dugnadsbasert.

Det var Fjordingen som omtalte saka først.

I éi veke fekk julepynten henge i fred. Så kom Statens vegvesen.

Alle lyktestolpane på ei 250 meter lang strekning mellom Coop og Bunnpris måtte skiftast ut på grunn av ein skade på anlegget.

– Verdsrekord i dårleg timing

I løpet av ein formiddag demonterte dei pynten og la han på tunet utanfor Bunnpris-butikken til André Opheim. Han har tatt hand om julestjernene enn så lenge, og fortvilar over det som har skjedd.

– Eg tenkjer på dei stakkars folka som har drive med dugnad her og hengt opp julestjerner, seier han.

Han gjekk bort for å snakke med Vegvesenet då dei monterte ned lyktestolpane. Dei visste ikkje om lysa ville vere på plass igjen før jul.

I kaffikroken på butikken til Opheim har mørklegginga blitt det store samtaleemnet.

– Det må vere «verdsrekord i dårleg timing» å ta lyktestolpar med julepynt i ned akkurat no.

Kontrasten er stor til nabobygda Loen som ikkje sparar på julelysa i desember.

– Eg trur dei aller fleste små tettstader hadde reagert kraftig på å bli fråteken julepynten og få bekmørke gater midt i sentrum, seier Opheim.

Lys i Loen

LYS I LOEN: Nabobygda Loen har rikeleg med lys i desember.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Folk kjenner seg ikkje trygge

I tillegg til julestemninga som forsvann uroar innbyggjarane seg over at skulevegen er blitt farleg mørk.

Onsdag denne veka gjekk skulen ut med varsel til foreldra om at sentrum var utan gatelys då ungane skulle på skulen. Ein far seier til NRK at han synest det er skummelt å sende borna av garde til skulen om morgonen.

– Det er mørkt heile døgnet. Det er bekmørkt i busskuret. Folk kjenner seg ikkje trygge no, seier han.

Be­kla­gar tids­punk­tet det­ skjer på

Det var ein feil på ein kabel førte til nedrigginga av lyktestolpane, ifølge avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Svenn Egil Finden

LOVAR NYE LYS: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi ville samstundes skifte ut lysarmaturen, slik at ein får eit meir moderne og betre lys.

– Innbyggjarane reagerer på tidspunktet. Kunne de ikkje vente til etter jul?

– Vi kunne ha venta, men før eller seinare ville alle lysa ha slokna på grunn av feilen.

Kan du love bygda at det ikkje blir ei mørk jul?

– Det skal vere ferdig før jul. Eg må berre beklage at vi må gjere denne utbetringa akkurat no. Av og til skjer det skader som må reparerast kjapt.

– I ein rasande fart

Det er butikkeigar André Opheim ikkje nøgd med.

– Å gå dei to vekene det skal vere mest julestemning utan lys synest eg ikkje er godt nok. Vegvesenet bør hive inn fleire folk og få opp att lysa i ein rasande fart!