Eit lite spedbarn ligg i armane til bestemora si medan bestefaren til guten ror færingen deira over Bøfjorden i ytre Sogn.
Mora til spedbarnet vart gravid etter ei valdtekt då ho var tolv. No skulle barnet hennar få ein ny familie.
Det skulle gå mange år før Norvald Tveit fekk vite kor han eigentleg kom frå.
92 år seinare sit han omkransa av «blå englar» på omsorgssenteret i Sørbøvåg. Hjelpepleiarane ber inn 60 ekstra stolar til daglegstova.
Forfattaren signerer bøker for harde livet. Han må skru høyreapparatet kraftig ned for å døyve lyden av kaffislabberas og latter rundt seg.
Sambygdingane er der for å heidre han under lanseringa av det som kanskje vert hans siste bok.
Dagen deretter
Morgonen etter boksleppet skal NRK eigentleg følgje Tveit heim til skrivestova hans eit stykke frå omsorgssenteret. Slik vert det ikkje. Langs veggen på rommet hans heng det plakatar frå teaterstykke og musikalar han har skrive.
– Sterk kaffi og ein feit pris er ei god trøyst for ein gammal mann, seier han og ler.
Tveit lener seg berrføtt tilbake i stolen.
– Eg er for sliten til å køyre bil i dag. Vi kan heller ta eit «etter ein rangel» intervju, seier han.
Forfattaren var 50 år då det første teaterstykket hans vart sett opp. Han skriv framleis. I dag er han kanskje mest kjend som manusforfattar bak TV-suksessen «Vestavind».
Tveit har alltid henta inspirasjon til fiksjonen frå oppveksten og heimbygda. Dei siste åra har han fått mot til å skrive om dei vonde tinga i sitt eige liv.
– Eg er så gammal at eg kan skrive og seie det eg vil utan å ta omsyn, seier Tveit og smiler lurt.
Sanninga
Tveit har alltid vore «stor i kjeften». Då han var elleve ferska mora guten i å vitse om ein slektning som vart fødd utanfor ekteskap. Først lo ho, så vart ho redd for at vitsinga skulle føre til at nokon fortalde han om kven den eigentlege mora hans var.
Det var på tide å fortelje han om jenta på den andre sida av fjorden.
– Ho sa det var for fælt å snakke om korleis, men eg forstod at det var snakk om ei valdtekt.
– Det gav meg store kompleks i resten av oppveksten. Eg såg for meg at far min var ein slags omreisande banditt.
Nokre år seinare fekk Tveit høyre heile historia. Den då tolv år gamle jenta hadde blitt gravid etter at to eldre ungdommar frå nærmiljøet valdtok ho.
Norvald og mora vart ikkje kjent med kvarandre før seinare i livet.
Fekk gjennombrotet etter ein rangel
Fram til han var 50 livnærte Norvald seg som lærar, forfattar og journalist i heimfylket. Han sleit framleis med traume frå barndommen.
– Det var nok den indre smerta som gjorde dramatikar ut av meg. Eg hadde mykje konflikt i sjela, og teater handlar stort sett om å formidle slikt, seier han.
På ein fuktig kveld i Bergen vart han ven med sjølvaste Toralv Maurstad.
– Vi enda på ein fest, og det vart livleg. Då eg vakna dagen etter fann eg ut at eg hadde kjøpt tre skodespel av Norvald kvelden før, fortel Maurstad.
Eit av teaterstykka han kjøpte var «Splint» som vart ein kjempesuksess over heile landet. Seinare skulle Tveit vinne Ibsenprisen og Kongens fortenestemedalje i gull for forteljingane sine.
– Teatermiljøet vart ein stad kor eg følte meg heime. Mange i teatermiljøet på den tida hadde det vanskeleg. På scena fekk vi utløp for kjenslene.
Aldri for seint for forsoning
Først då Norvald passerte 80 fann han og den biologiske mora hans tilbake til kvarandre.
– Vi vart gode venar dei siste åra ho levde. Vi prata sjeldan om det vonde, men ein gong fortalde ho meg at ho som ungdom drøymde om å halde rundt meg, medan ho gret til ho gjekk tom for tårer.
Både mor og son fekk forsoning med fortida i møtet med den andre. Humor og sjølvironi vart ei bru mellom dei.
– Ho spøkte stadig med at det måtte vere fælt å få ei mor som er så skrukkete som ho. Då spøka eg tilbake med at ho som har ein son på åtti år burde vere såpass rynkete.
– Det ville ho ikkje kunne ledd av med nokon andre enn meg.