Mor opplevde at mann og barn vart tekne av skred – alle i god behald

Det har gått fire større snøskred søndag. Ingen skal vere sakna eller skada etter at det eine skredet tok tre personar.

skredsøk, Stardalen

POPULÆRT: Stardalen ligg i Jølster i Sunnfjord, og området er populært for toppturar. Snøskredet har gått under toppen av Tortnegrøegga.

Foto: Bjørn / Befring

Stardalen ligg i Jølster i Sunnfjord, og området er populært for toppturar. Først kom det melding om eitt skred, men no er det klart at det har gått to. Det er stor fare for snøskredfare i området.

Politiet har no avslutta søket., og ingen er sakna eller skadd. Dei har snakka med om lag 40 personar som har vore i fjellet, og sjekka bilar i nærleiken.

Tre personar, ein far og to ungar vart tekne av skredet, medan mor kom seg unna.

Dei tre personane vart ikkje gravlagt av snøen, men flaut oppå.

Alle fire er i god fysisk behald.

– Skredet skal vere ganske stort, og har gått høgt oppe i fjellet. Vi har fått tips frå vitne, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Klokka 14.35 meldte politiet om at ingen var sakna.

Fire snøskred

Politiet i Møre og Romsdal har også rykka ut etter melding om eit større snøskred ved eit skianlegg i Sykkylven.

Etter ein leiteaksjon vart det klart at ingen er tekne av skredet. Sjå den dramatiske videoen under.

Det er òg meldt om eit snøskred i Luster i Sogn.

Etter å ha klarert området med helikopter, og dei såg at det ikkje var skispor i området, avbraut dei aksjonen i Luster, meldte politiet.

Augevitne Per Magne Bakke gjekk på skitur i nærleiken då det første skredet vart utløyst.

Per Magne Bakke

AUGEVITNE: Per Magne Bakke var på tur i lag med to andre i området då raset i Stardalen gjekk.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Sånn som forholda var antok me at dei løyste ut skredet sjølv, men det var svært vanskeleg for oss å seie om nokon hadde blitt tekne, seier Bakke til NRK.

Turgåarane ringde politiet som sette i gong aksjon kort tid etter.

Varsom har meldt om høg snøskredfare heile helga.

Stor aksjon

Meldinga om skredet i Stardalen kom like etter klokka 13.

– Det har gått høgt oppe i fjellsida, under toppen av Tortnegrøegga, seier vaktkommandør Helge Lund.

Det er ikkje meldt om nokon sakna.

– Det er ikkje meldt om personskade, seier vaktkommandør Helge Lund.

Snøskred Stardalen

STORT SKRED: Snøskredet i Stardalen.

Foto: Helene H. Sæterdal / Norske redningshunder

Helikopter, lavinehundar og bakkemannskap var på staden, og naudetatane jobba med å kartlegge om det har vore fleire i området.

Politiet takka for alle ressursane frå både frivillige og profesjonelle etter at søka vart avslutta.