Hopp til innhold

Mor og dotter ved valurnene: – Eg kjenner meg litt vaksen no, seier Marita (18)

– Eg har fått litt hjelp av mamma til å bestemme meg. Vi diskuterer ikkje så mykje politikk i vennegjengen, seier førstegongsveljar Marita Bortne.

Marita og Møyfrid Bortne

FØRSTEGONGSVELJAR: Marita og Møyfrid Bortne kom saman til vallokalet i dag.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I dag er siste sjanse til å seie si meining om kven som skal leie landet dei neste fire åra.

– Eg kjenner meg litt vaksen no, seier Marita Bortne (18).

Ho stemmer for første gong, og var på plass i stemmelokala i Selje saman med mor si Møyfrid. Begge arbeider som helsefagarbeidarar.

Møyfrid meiner det er vanskelegare å stemme i år enn tidlegare.

– Det er så mykje rot no for tida, seier ho.

– Og på debattane er det berre krangling, legg Marita til.

Marita Bortne
Foto: Harald Kolseth / NRK

Røysterekord

Ikkje alle vel å stemme på valdagen. Fleire enn 1,6 millionar har førehandsrøysta i Noreg. I Sogn og Fjordane tronar Årdal kommune på topp.

– Vi har hatt eit veldig godt system, har vore tilgjengelege og oppmoda om å stemme tidleg, seier Wenche Tryti Breivik, som leiar røystestyret i kommunen.

Også i Ulvik kan det bli tynt i rekkene i stemmelokala på valdagen. Der har allereie 60,93 % førehandsrøysta, høgst prosentdel i landet. Det er faktisk berre litt over 300 folkeregistrerte att som kan stemme på valdagen.

Ein av dei som var på plass i Årdal for å stemme på sjølve valdagen var Leif Guttormsen (68).

– No har eg gjort borgarplikta mi.

Han har stemt på det same partiet omtrent heile livet.

– Det er viktig å stemme. Om ikkje for meg akkurat no, så kjem det etterkomarar. Eg må ta vare på barnebarna, seier han.

Val 2021: Følg valkvelden og natta med NRK si valsending for Vestland

Leif Guttormsen stemmer i Årdal
Foto: Bård Siem / NRK

– Valdag er høgtidsdag

Rune Bortne er leiar for valstyret i Florø. NRK møtte han like før vallokala opna måndag morgon.

– Valdag i Florø er høgtidsdag. Vi synest dette er stas, og gjengen som er med har vore med mange gongar før, seier han.

I Florø var 470 innom stemmelokala på fredag. I Måløy var talet 180.

– Målet er at rundt 60–70 prosent skal røyste på førehand. Men det blir spennande å sjå kor mange som kjem innom i dag, seier Bortne.

Erlend Blaalid Oldeide og Oddgeir Øystese leiar valnatta frå NRK Vestland.
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Enno ikkje stemt?

Valnatta er NRK Vestland tettast på vinnarar og taparar i fylket. Det vert sending heile kvelden, delt mellom dei to valdistrikta i Vestland fylke.

Klokka 21:00 kjem dei første prognosane. Valsendinga kan ein sjå på nrk.no/vestland, i NRK TV og høyre på radio på P1. Sendinga startar kl. 19:45 og held fram til rundt midnatt.

Tilbake i Selje har også Sara Haaland trilla barnevogna til vallokalet for å avlegge si stemme. Ho meiner den har stor betydning.

– Noreg er eit såpass lite land at alle stemmer tel, slår ho fast.

Det er ikkje for seint å bruke stemmeretten sin. Ditt næraste vallokale og opningstider kan du finne her.

Sara Haaland, Selje
Foto: Harald Kolseth / NRK